Heim Nyhende Får stipend for å laga innføringsbok om nynorsk og språkstoda i Noreg...

Får stipend for å laga innføringsbok om nynorsk og språkstoda i Noreg for utanlandske studentar

James K. Puchowski er tildelt eit nynorskstipend på 50 000 kr frå Noregs Mållag, og prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

Stipendet får han for å laga ei innføringsbok om nynorsk og språkstoda i Noreg for utanlandske studentar. Den førre boka om emnet vart laga for over 30 år sidan.

– Det er viktig å inkludera alle i nynorsken, og ei innføringsbok på engelsk gjer nynorsken tilgjengeleg på nye område, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

James K. Puchowski er ein polskætta brite som kom til Noreg for å studera norsk. Her fann han nynorsken og vart styremedlem i Studentmållaget i Oslo. No jobbar Puchowski i London som universitetslektor (Lecturer) i norsk ved University College London der han underviser britiske studentar i norsk.

Puchowski har nettopp levert inn eit doktorgradsarbeid der han samanliknar språkstrid og språkaktivisme i Catalonia, Skottland og Noreg.

Han meiner at nynorsk må visast fram som eit sjølvstendig og levande språk som alle kan læra uansett kvar dei er. Det er bokmål og austlandske, Oslo-nære dialekter som blir prioriterte når utlendingar lærer norsk. Puchowski meiner det kan forsterka tanken hjå utlendingar om at det norske språket er monolittisk med viktige prestisjevariantar. Boka hans skal bidra til å endre dette.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...