Heim Nyhende Dobbel prispott til den beste nynorskkommunen

Dobbel prispott til den beste nynorskkommunen

Kulturdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2022».

Prisen, som no er på heile 200 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Frå og med i år blir prisen delt ut berre annakvart år, og prispotten blir som følgje av denne endringa dobla. Vinnaren av «Årets nynorskkommune 2022» vil difor få med seg heile 200 000 kroner. No blir det dobbelt så mykje nynorsk for pengane!

Kva skal til for å vinne prisen?

Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til:

aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar,
kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid

eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette

tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet

opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk

tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule

tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I tillegg vil juryen i år sjå positivt på (fylkes)kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– I år ynskjer vi å premiere ein kommune eller fylkeskommune som har sett språklova ut i praksis. Det er viktig at dei tilsette i det offentlege kjenner til språklova og kva som er forventa av dei. Med den nye språklova får kommunane og fylkeskommunane rettar, og fylkeskommunane får nye plikter og såleis eit utvida språkansvar. For å oppfylle dette ansvaret må fylkeskommunane setje tydelege ambisjonar og mål for språkarbeidet og forankre dei i leiing og styringsdokument, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Kven som helst kan nominere

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg nominerast.

I fjor var det Ål kommune som vann prisen. Kommunen, som ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, vann prisen på bakgrunn av eit ihuga arbeid med å skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 20. september 2022.

Les meir på Språkrådets nettsider.

Sjå helsing frå Stein Torleif Bjella under!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...