Heim Nyhende Får Storeguten 2011 for god nynorskbruk

Får Storeguten 2011 for god nynorskbruk

NRK-journalist Astrid Brekken (68) får Storegutprisen 2011 for sin bevisste og gode bruk av nynorsk i det offentlege rom.

Brekken får utdelt Storegutprisen under Litteraturdagane i Vinje i september, kan Vest-Telemark Blad fortelje.

Astrid Brekken er journalist og forfattar, og har gjennom mange år markert seg som journalist i samfunnsengasjerte program i NRK Radio.

– Det var ikkje vanskeleg å kome fram til Brekken som vinnar av Storegutprisen 2011. Ho har lege i vasskorpa lenge, og det var eit enkelt val for oss. Ho brukar nynorsk på ein god, medviten måte, og språket hennar er lettforståeleg og ujålete, seier Olav Vesaas i prisnemnda til Vest-Telemark Blad.
Prisvinnaren kjem frå Lesja, og gudbrandsdalsdialekta ligg derfor i botnen for nynorsken hennar.

– For meg har det aldri vore snakk om noko anna enn nynorsk. Å spørje meg om kvifor eg brukar det er som å spørje kvifor eg vart fødd på Lesja. Nynorsk er sjølvsagt for meg, uttalte Brekken i eit intervju med NRK då ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010.

Brekken har arbeidd i NRK sidan 1971. Straks ho blei tilsett i rikskanalen byrja ho å lage radioprogram om det som då var svært kontroversielle tema, som sjølvbestemt abort, EF(EU)-medlemsskap, likestilling og politisk mobilisering av kvinner.

Kvinnesak og likestilling har lenge vore viktig for Brekken. På 70-talet kom ho med i kvinnerørsla, og ho sat i fleire år i redaksjonen til feministbladet Sirene. Gjennom heile karrieren sin har ho vist eit stort samfunnsengasjement, noko nemnda la vekt på då valet fall på NRK-journalisten.

– Astrid Brekken er ein medviten språkbrukar som gjennom arbeidet sitt har levert viktige innlegg i samfunnsdebatten, skriv dei i grunngjevinga si.

– Ho markerte seg med ein gong ho starta å arbeide i NRK. VI er opptekne av at Storegutprisen ikkje berre skal gå til dei som brukar nynorsk i litteraturen, men i heile det offentlege rom, understrekar nemndleiar Vesaas.

Storegutprisen blir utdelt under Litteraturdagane på Vinje 17. september.
Prisen går kvart år til «den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk», i følgje statuttane.
Styret i Litteraturdagane i Vinje er ansvarlege for utdelinga. Per i dag sit Olav Vesaas, Olav Nordstoga og Sondre Bratland i utdelingsnemnda.
Tidlegare prisvinnarar: Ivar Eskeland (2002), Berge Furre (2003), Ragnhild Sælthun Fjørtoft (2004), Bjørn Bø (2005), Sigmund Groven (2006), Liv Signe Navarsete (2007), Audun Svartdal (2008), Nina og Øystein Rudi (2009) og Odd Nordstoga (2010).

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...