Heim Nyhende Vigdis Hjort til diktardagane “Sett med kvinneaugo”

Vigdis Hjort til diktardagane “Sett med kvinneaugo”

Vigdis Hjort er ein av forfattarane som skal vere med under dei femte diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå denne veka. Høgsterettsadvokat Cato Schiøtz og komikar Janne Rønningen deltar også på diktardagane.

Diktardagane byrjar i morgon og i løpet av fire dagar skal det vere 25 arrangement i dei tre kommunane i Gudbrandsdalen.

«Sett med kvinneaugo» er tema for dei femte diktardagane i løpet av 10 år. Dei fleste arrangementa er lagt til Lom, men i år er nabokommunane Skjåk og Vågå også med på laget, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

– Det må vel kunne seiast at vi har fått til eit variert og spennande program, og ikkje minst eit variert og spennande samarbeid mellom alle tre ottadalsbygdene, seier Torunn Kjøk, representant for Knut Hamsun-laget i Lom til lokalavisa.

Temaet  for diktardagane går igjen i seminar og utstilling på Nordgard Aukrust laurdag. Lomsprest og forfattar Synnøve Sakura Heggem skal innleie med «femine speil og gåter», utdrag frå ei bok ho har på gang om det radikale i Grundtvigs forfattarskap og kvinnesyn.

Høgskulelektor Bente Lindbæk tek for seg «Pennens kvinnelege pionerar mine forunderlege formødre». Prestedotter Elise Aubert Aars frå Lom var oldemor hennar.

Forfattar Arnhild Skre skal prate om Hulda Garborg blant «framifrå døletypar». Høgsterettsadvokat Cato Schiøtz skal leie paneldebatt med lesjasystrene Guri og Sigrid Sørumgård Bottheim, lomsforfattar Ragnhild Kolden og skjåkforfattar Magnhild Bruheim. Haldis Ofigsbø har måleriutstilling.

Laurdag kveld er det bokbad på Fossberg med Bruheim som programleiar for Vigdis Hjorth, Arnfinn Kolerud og fåvanging Lars Mytting. Etterpå statt upp-show med kvinneleg skråblikk i Presthaugen i regi av Lom ungdomsråd med komikarane Janne Rønningen og Bjørn Daniel Tørum, dikt og musikk ved Even Luseter og Øyvind Sandum. Hjorth skal også ha opplesing på Bokhandel’n kafe i Vågåmo, likeins Liv Marie Austrem på Vågå bibliotek.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...