Heim Nyhende Feirar dobbel grunnlovssiger

Feirar dobbel grunnlovssiger

Målfolk og nynorskbrukarar jublar etter vedtaket i Stortinget om den språklege oppgraderinga av Grunnlova. Mange trur nynorskversjonen blir den mest tilgjengelege versjonen.

 

– Dette er fantastisk. Det er berre jamstellingsvedtaket som er større, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum til Nynorsk pressekontor etter at Stortinget tysdag vedtok at Grunnlova for første gong skal koma på nynorsk i tillegg til bokmål.

Berre Sverre Myhrli (Ap) stemde mot den såkalla Graver-versjonen på nynorsk. Han røysta også mot forslaget om å endra bokmålsversjonen fordi han ville at Grunnlova skulle stå som ho er.

Stortinget og målfolk på galleriet klappa og jubla etter vedtaket. Både Olav H. Hauge og Ragnar Hovland blei siterte i debatten, og i vandrehallen på Stortinget var det god stemninga etterpå.

– At eit nesten samrøystes Storting har sagt at det er viktig å ha Grunnlova på nynorsk gjer at dette er ein stor dag, seier ein strålande glad leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.

Kompromiss

I debatten gjekk mange representantar frå dei raudgrøne partia sterkt inn for at Stortinget burde slutta opp om éi nynorsk- og éi bokmålsgrunnlov kledd i heilt moderne språkdrakter.

Men i staden vart det fleirtal for eit kompromiss. Det inneber at ein heilt moderne nynorsk versjon av Grunnlova vart vedteken av Stortinget saman med ein bokmålsversjon med berre avgrensa endringar.

STOR DAG: Tidlegare stortingsrepresentant og leiar i Noregs Mållag Hans Olav Tungesvik var ein av mange som hadde møtt opp for å få med seg debatten om språket i Grunnlova i Stortinget tysdag. Han var strålande nøgd med resultatet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK – Vi hamnar difor i ein situasjon der nynorskversjonen blir den allment tilgjengelege, og kor folk i Groruddalen og på Grønland tek til å lesa nynorsk, sa stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Han viste til to innvandrartette område i Oslo der nynorskbruken garantert er svært avgrensa.

– Vi kan koma i ein situasjon der nynorskversjonen er den som blir brukt fordi han er lettare å lesa og forstå for politikarar og andre lesarar, sa saksordførar Per Olaf Lundteigen (Sp).

Både han og SVs Karin Andersen kalla kompromisset lite elegant.

– Blir folkeversjonen

Men nynorskforkjemparane i Noregs Mållag kan sjå på vedtaka som ein dobbel siger: Ikkje berre er Grunnlova no også på nynorsk – nynorskversjonen er også den mest moderne.

– Eg trur det må bety at folkeversjonen blir nynorskversjonen, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag til NTB.

Ho viser til ei rad døme i media den siste veka på at nynorskversjonen no er meir forståeleg enn bokmålsversjonen.

– Skal ein forstå og kunna vera med på å diskutera Grunnlova, må ein i framtida lesa nynorskversjonen. For Mållaget er det ein fin ting, seier Tennø.

Ho strekar også under at vedtaket er ei viktig oppfølging av likestillinga mellom målformene som vart vedtekne i 1885.

Heftig debatt

Stortingspartia kom måndag kveld fram til eit kompromiss i den betente språkstriden. Men partia heldt i debatten tysdag fram å argumentere heftig for dei opphavlege standpunkta sine.

Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og Dei Grøne ville i utgangspunktet ha to parallelle og heilt moderniserte versjonar av Grunnlova. Høgre og Venstre har for sin del argumentert for å halde språket i grunnlovsteksten i stor grad uendra. Men Michael Tetzschner meiner vi no likevel får ei «konservativ, verdig modernisering av Grunnlova».

Abid Raja frå Venstre var likevel lite nøgd med kompromisset og kalla det «lite ærefullt».

KrF la ikkje skjul på at partiet gjekk bort frå standpunkt sitt om ikkje å endre Grunnlova for å få støtte til nye grunnlovsparagrafar om menneskerettar. Hans Fredrik Grøvan frå KrF kalla dette ein «prinsipielt grunngjeven pragmatisme». (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...