Heim Nyhende Fekk prisar for godt namnevett

Fekk prisar for godt namnevett

Ti verksemder i Sør- og Nord-Trøndelag fekk nyleg diplom for å ha valt seg gode og kreative norske namn.

I følgje Språkrådet syner du godt namnevett mellom anna når du vel norsk framfor andre språk, praktiserer norske skrivereglar, nyttar ord frå lokal tradisjon og tek i bruk fantasi og humor.

Dei ti som fekk diplom i 2011, heiter:

  • Bærre Lækkert, Melhus (dameklede)
  • Brød & Cirkus, Steinkjer (restaurant)
  • Form til fjells, Røros (designbyrå)
  • Fritt Spillerom, Steinkjer (musikk, dans og tekstskriving)
  • Kuleramma, Steinkjer (rekneskap)
  • Nattergalen Bar og Kjøkken, Trondheim (restaurant)
  • Oss tållåst Kaffebar, Oppdal (kaffibar)
  • Reinhekla, Fannrem (tekstilar, bunader m.m.)
  • Rørosrypan, Røros (dameklede)
  • To Rom og Kjøkken, Trondheim (restaurant)

– Desse gode bedriftsnamna er bevis på at norsk språk duger til alt, også i næringslivet. Språkleik på norsk er ein god medisin mot bruken av engelsk i reklame i Noreg, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen til Sprakrad.no. – Bedriftene er svært viktige språkbrukarar. Når ei bedrift – stor eller lita – tek eit godt og kreativt norsk namn, er det med på å styrkje stillinga til det norske språket i samfunnet.

Språkrådet deler ut diplom for godt namnevett i eit fylke eller ein landsdel kvart år.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...