Heim Nyhende Stor interesse for norrønt språk

Stor interesse for norrønt språk

20 søkjarar med 13 forskjellige nasjonalitetar søkte på ei ledig stilling i norrøn filologi ved Universitet i Bergen nå til årsskiftet.

– At så mange er interesserte ser eg på som eit uttrykk for at norrøn filologi er eit internasjonalt fag, der dei som er på feltet er i stand til å lese og snakke eit moderne skandinavisk språk. Stillinga var lyst ut bare på norsk (nynorsk), men ein treng ikkje å lyse ut ei slik stilling på engelsk for å nå dei seriøse søkjarane, seier professor i norrøn filologi, Odd Einar Haugen, til uib.no.

Søkjarane representerer følgjande nasjonalitetar: Australia, Canada, Estland, Island, Italia, New Zealand, Noreg, Russland, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tyskland og USA.

Haugen forklarar interessa for den norrøne filologien med at fagfeltet omfattar både språk og litteratur, og tekstar både i det latinske alfabetet og i runealfabetet. Forskarane får arbeide på fleire felt og er mindre utsette for den tradisjonelle kløyvinga mellom språkvitskap og litteraturvitskap, som går gjennom dei moderne språkstudia.

Folk kjem til den norrøne filologien også frå studiet av eldre engelsk og eldre tysk, og oppdagar fort at den norrøne litteraturen er uvanleg stor og variert, utan tvil den mest spennande mellomalderlitteraturen på eit germansk språk, kan rådgjevar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, Håvard Østrem Peersen, fortelje vidare i artikkelen.

Utviklinga frå norrønt til dei moderne nordiske språka er ifølgje Peersen ganske uvanleg; medan islandsk har eit formverk som er nesten uendra over 1000 år, har dei skandinaviske språka utvikla seg mykje.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...