Ungdomsromanen Fengsla av Hilde Kvalvaag er kåra til Årets nynorskbok 2010.
– Jøss, det er utruleg. Eg hadde ikkje venta at ein ungdomsroman ville hevda seg i konkurranse med skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, seier Kvalvaag til Dag og Tid etter kåringa.
Kvalvaag er til dagleg redaktør for Hubro, som er forskingstidsskriftet på Universitetet i Bergen. I fjor fekk ho også mellom anna Brageprisen for boka Fengsla.
– Så mykje blest om ei bok har eg aldri opplevd tidlegare, og det er sjølvsagt svært gledeleg, seier Hilde K. Kvalvaag til Dag og Tid.
Mellom dei andre nominerte var Carl Frode Tiller, Lars Amund Vaage, Jon Hellesnes og Ottar Grepstad.
Les meir hjå Samlaget.