Heim Nyhende Festspela - ein økonomisk suksess

Festspela – ein økonomisk suksess

Med både meir inntekter enn budsjettert og fleire gjester enn trudd er det det eit faktum at dei 20. nynorske festspela i Ørsta og Volda blei ein suksess.

Medan mange festivalar slit med økonomien, tyder dei førebelse tala for Dei nynorske festspela på det motsette. I år fekk festspela 23 prosent høgare billettinntekter og 14 prosent fleire gjester enn budsjettert.

Totalt møtte om lag 6.400 opp på dei 53 arrangementa, som gjekk føre frå torsdag til søndag førre veke.

– Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum som arrangerer festspela, til Sunnmørsposten.

Endeleg rekneskap er først klart i september, så heilt sikker på overskot kan ein ikkje vere.

– Ein veit jo aldri, men eg vil bli svært overraska viss vi ikkje går i pluss. Vi har god økonomistyring, seier Grepstad.

– Kvalitet, kroner og nøgde gjester er ein slitesterk modell for ein festival som vår, meiner han.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...