Heim Nyhende Festspela utforskar tabu i 2017

Festspela utforskar tabu i 2017

Finst det noko ein ikkje kan skrive om, le av eller synge om i samtida vår? Under Dei nynorske festspela 2017 vil vi nytte festspeltemaet til å undersøkje korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer oss.

– Med neste års festspeltema, tabu, vågar vi oss inn på dei hemmelege, forbodne og heilage områda i samfunnet vårt, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. Publikum får møte forfattarar og artistar som har sett ord på det useielege, og som utforskar og utfordrar tabugrensene. Dette har vore diktarane og andre kunstnarar sitt kall i uminnelege tider. Difor vil vi også løfte fram fleire av dei som opp gjennom historia fekk betale dyrt for sitt frimot til å setje namn på unemnelege sanningar.

Mange møte med festspeldiktaren

Den komande festspeldiktaren, Lars Mæhle, har også teke opp vanskelege og tabubelagde tema, som psykisk helse og behandlinga av romanifolket i Noreg, i bøkene sine.

– Dette er ein av fleire grunnar til at vi har valt tabu som årets tema, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng. Han lovar at publikum får rikeleg høve til å møte festspeldiktaren, og langt frå alt vil handle om tabu.

Lars Mæhle er ein svært allsidig forfattar, som skriv alt frå humoristiske barnebøker til fantasy for ungdom og krim for vaksne.

Opningskonsert med Stein Torleif Bjella

Uteamfiet i Aasen-tunet blir også i 2017 arena for store arrangement kvar dag.

– Vi gler oss over å kunne ønskje Stein Torleif Bjella velkomen attende til Ivar Aasen-tunet, og det på sjølve opningsdagen, seier Waagan.

Bjella sitt fjerdealbum, Gode Liv, kom i oktober og har fått strålande kritikkar.

 

DEI NYNORSKE FESTSPELA

· Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda

· Kvart år gjestar om lag 6000 menneske denne festivalen

· Tema for dei komande Festspela er Tabu, og festspeldiktar er Lars Mæhle

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...