Heim Nyhende Tre nye Ferrante-bøker på norsk

Tre nye Ferrante-bøker på norsk

Samlaget gjev ut tre bøker som Elena Ferrante gav ut før Napoli-kvartetten.

Den norske omsettinga av Napoli-kvartetten av forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante har vorte ei gullgruve for Det Norske Samlaget.

Så langt har dei kritikarroste bøkene om oppveksten til venninnene Elena og Lila vorte selt i snart 300.000 eksemplar i Noreg. Bøkene har skapt Ferrante-feber og er omsett til over 40 språk. I tillegg er dei i ferd med å bli tv-serie.

Les vår melding av Mi briljante venninne: Sit fast i deg og slepp ikkje taket

Det var forfattar og omsettar Kristin Sødal som både oppdaga og omsette dei fire bøkene i Napoli-kvartetten for Samlaget. Snart er ho aktuell med tre nye Ferrante-omsettingar.

Allereie 8. mars 2017 kjem Svikne dagar.  I boka møter me 38 år gamle Olga som opplever at mannen går ifrå ho for ei yngre kvinne etter 12 års ekteskap. Olga mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine og dreg dei to borna med seg i fallet. 

I september kjem Den dunkle dottera, før Kvelande kjærleik kjem ut i mars 2018.

Les også: Ferrante-suksessen held fram for Samlaget

Sinne etter avsløring av forfattaren bak psevdonymet

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...