Heim Nyhende Film om nynorsk programvare lansert

Film om nynorsk programvare lansert

Microsoft Noreg nyttar Stord kommune og nynorsk for å understreka kor viktig det er å omsetja programvarer til minoritetsspråk og små språk, skriv morsmål.org.

I mai skreiv lnk.no at Microsoft Noreg besøkte Høgskulen Stord/ Haugesund. Oppdraget frå Microsoft sentralt var å laga ein film på tre minutt om kvifor det er viktig å laga det dei kallar Local Language Packs, det vil seie å omsetja programvare til små språk og minioritetsstpråk. Nå er filmen lansert.

– Omsett programvare er viktig for å styrkja viljen til å læra nynorsk og for å auka statusen til nynorsk, seier Nina M. Olsen, lærar ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord i filmen. Denne skulen nyttar dagleg digitale verkemiddel i undervisninga. Når ein jobbar i ein nynorskkommune er det svært viktig å ivareta nynorsken, held ho fram.

– Elevane som brukar nynorsk i skulen treng å byggja opp sin språklege sjølvtillit, understrekar høgskolelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund Hege Myklebust i filmen. Elevane treng å bli gode og trygge språkbrukarar og då må dei få gode og språklege førebilete.

– Det har med språkutvikling å gjera og er dessuten knytta til identitet og kultur. Språk er kunnskap, ord er kunnskap, og når ord forsvinn, forsvinn også kunnskapen, seier Jan Sverre Sivertsen, som er samarbeidspartner med Microsoft og har ansvaret for informasjonsfilmen til morsmål.org.

Sjå heile filmen her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...