Heim Nyhende Barne- og ungdomsforfattar som festspeldiktar

Barne- og ungdomsforfattar som festspeldiktar

Dei nynorske festspela markerer at det er 150 år sidan Rasmus Løland vart fødd med barne- og ungdomsbokforfattar Bjørn Sortland som festspeldiktar.

Rasmus Løland var ein av dei første norske forfattarane som såg verda frå borna sitt perspektiv. I 2011 er det 150 år sidan han vart fødd.

Bjørn Sortland (Foto: Aschehoug forlag) – Sortland er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste, skriv Aasentunet i ei pressemelding. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug. Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.

– Forfattarskapen til Bjørn Sortland spenner så vidt at publikum i alle målgrupper nok skal få møte festspelforfattaren på fleire arrangement, seier programansvarleg Åshild Widerøe i meldinga. Ho lovar også noko flunkande nytt og nyskrive frå Sortland til Festspela. Bjørn Sortland skriv for mange ulike målgrupper og han er svært produktiv. Han er ein forfattar som har stor respekt for lesarane sine, også dei aller minste. Han er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug. Sortland har fått mange prisar, både nasjonale og internasjonale, mellom dei siste er Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for Alle har eit sultent hjerte.

Bjørn Sortland skriv på heimesida at han syns det er stas å bli gjort stas på, og han ser dei som ei ære å bli invitert til dette. Sortland har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne. Bøkene hans er gitt ut i USA, Canada, Italia, Frankrike, Spania (på spansk, katalansk og baskisk), Nederland, Tyskland, Austerrike, Sør-Korea, Taiwan, Sverige, Danmark, Færøyane, Finland, Egypt og Palestina.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena. Les programmet her.

For meir informasjon om Rasmus Løland-markeringa kan du besøkja nashornet.no.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...