Heim Nyhende Finn eit rikare sjelsliv

Finn eit rikare sjelsliv

Finn Tokvam tar med seg Ragnar Hovland, Bjørn Sortland og Annlaug Børsheim i ein sofa i Førde. Som ein del av Barnelittertær formidlingsfest onsdag.

 

Han er kjent for humoren. Men alt alvoret i det som tilsynelatande er humoristisk, er det geniale. Den tosidige stemninga der.

Finn Tokvam smiler strålande mot meg, men på ein stillferdig måte. Han fortel om Ragnar Hovland sine bøker. Hovland er nemleg ein av gjestene Finn tek med seg i sofaen når han flyttar talkshowet sitt «Folk & Finn» frå Bergen til Førde onsdag 12. november.

Finn Tokvam er entusiastisk når han fortel, men ikkje påtrengande.

– Eg likar ikkje å presse folk, understrekar han. I media er det alt for mykje av slikt, særleg i debattane. Det kjem ingenting ut av det. Det er tannlaust og dessutan dårleg folkeskikk! Eg slutta å sjå på debattar i 2003. Eg har hatt eit mykje rikare sjelsliv dei ti siste åra, ler Finn Tokvam. – Men eg likar veldig godt å snakke med folk! Dersom folk trivst i ein samtale, kan dei få lyst til å opne seg og fortelje det som er personleg nok til å ha allmenn interesse. Noko meir er eg ikkje interessert i. Eg prøver å komme halvnært inn på heilinteressante personar, forklarar Finn, framleis smilande.

For nokre veker sidan hadde han premiere på Lille Ole Bull Scene i Bergen. I sofaen sat mellom andre Ragnar Hovland. Når Finn Tokvam kjem til Førde tar han sjølvsagt Hovland med seg!

– Kva er det med skrivinga hans som fascinerer deg?

– Han skriv om eit miljø vi kjenner. Då eg var yngre opplevde eg at han gjorde populærkulturen til vår eigen på våre premissar. Han kan formulere fullkomne setningar eg aldri blir lei av å lese opp att. Men det unike med Hovland er nok likevel alt han ikkje seier. Alt som ikkje står der. Det som er underforstått, som han får deg til å tenkje sjølv.

– Du har fleire gjester med deg i sofaen i Førde?

– Ja, publikum kan verkeleg gle seg til møtet med Annlaug Børsheim frå Hardanger. For tida turnerer ho med Ivar Medaas-kabareten i ensemblet på Sogn og Fjordane teater. Annlaug er allsidig, på same tid som ho har eit sterkt særpreg. Ho er utdanna folkemusikar på hardingfele, men spelar også skikkeleg godt på gitar og ho syng så fint! Ho har rett og slett eit fint vesen. Alle vil ha henne med; I bandet til Frode Grytten er Annlaug Børsheim den nye stjerna.

– Og så kjem det ein forfattar du ikkje kjenner fullt så godt?

– Ja, Bjørn Sortland ser eg stort fram til å møte. Så snakkar vi om Sortland, om korleis han kan skrive fram tankane til ei trettenårig jente så truverdig at alle som har vore der er tilbake framfor spegelen der alt er feil, frå øvst til nedst. Som formidlar kunst og litteraturhistorie i skjønnlitterær fiksjon på glitrande vis.
Stor skrivekunst, som hjå Hovland.

– Eg prøvespelte på teaterhøgskulen ein gong, eg! fortel Finn plutseleg. – Eg hadde ei venninne som skulle prøve seg, så tenkte eg at eg kunne likså godt gjere det same. Eg øvde inn eit program på eit kvarters tid. Frå Sjølvmord i Skilpaddekafeen, av Hovland.

Så les Finn ei scene frå minnet. Om han som elskar ei jente på andre sida av skulegarden, men som set fram foten og spenner krok på henne når ho kjem mot han. Og eg tenkjer på Ragnar Hovland sin poetikk, på det han har sagt at han vil med skrivinga si: Ei underleggjering av kvardagen. Ei påminning til den som les om at det er i det kvardagslege og i det trivielle at det fantastiske kan skje. For no skjer det.

Les meir om «Folk og Finn» og Barnelitterær formidlingsfest her!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...