Heim Nyhende Meiner Noreg bør få fleire regionar

Meiner Noreg bør få fleire regionar

Regjeringa og samarbeidspartia vil redusere talet på kommunar kraftig. Ap-strateg Norvald Mo vil ha både fleire kommunar og erstatte dei 19 fylka her i landet med eit femtital regionar.

 

Mo meiner det bør vere like mange som, eller fleire kommunar enn i dag, og at desse bør ta seg av velferd og andre tenester som er nært på innbyggjarane. Han meiner eit kommunenivå som ligg tettare på kommunekvardagen, vil løyse dei utfordringane kommunesektoren har i dag, skriv Klassekampen.

Dei nye og mange fleire regionane bør ha spesialiserte funksjonar og planarbeid, meiner han. Mo meiner også at staten bør ha færre oppgåver enn i dag og styre gjennom rammetilskot, ikkje øremerking.

– Dei kan ta seg av oppgåver som er for store for kommunane, men likevel stå nærmare folks kvardag enn store regionar vil gjere, seier han.

Regjeringa og samarbeidspartia er samde om å gjennomføre ein omfattande kommunereform der målet er å redusere talet på kommunar kraftig. Stortingsfleirtalet meiner at ein derfor må sjå på regionnivået – fylka. Mens Høgre og Frp eigentleg ønskjer å legge ned heile fylkesnivået, vil dei andre partia behalde dette nivået.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) får 17. november ei utgreiing om korleis regionnivået kan sjå ut i framtida, og kva for oppgåver dette nivået kan ha. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...