Heim Nyhende Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent og lektor Trond Salte.

I ni kommunar i Rogaland har talet på førsteklassingar med nynorsk som opplæringsmål auka dette skuleåret. Det viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet. I Strand kommune har andelen nynorskelevar auka mest. Her har det blitt 49 fleire førsteklassingar med nynorsk dette året.

13 240 elevar har no nynorsk som opplæringsmål i Rogaland. Det utgjer 20,7 prosent av elevane i fylket. For dei tre yngste kulla i barneskulen har delen av elevane med nynorsk auka sidan sist skuleår. 21,9 prosent av førsteklassingane har nynorsk dette året, medan talet var 19,7 prosent førre skuleår.

Trond Salte er lektor og jobbar som prosjektleiar for Meir mål i Rogaland i regi av LNK, Rogaland Mållag og Noregs Mållag. Foto: Mia Torgersen Kolrud

Viktig val

Rogaland Mållag, Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar har gått saman for å styrka nynorsk i skulen i Rogaland. Lektor Trond Salte er prosjektleiar for prosjektet Meir mål i Rogaland. Han er godt nøgd med at fleire foreldre vel nynorsk for ungane sine.

– Det er veldig kjekke tal! Vel du nynorsk som opplæringsmål for barna dine, får dei mykje gratis. Solid forsking viser at opplæring i nynorsk gjev elevane ei betre språkleg forståing og auka språkleg medvit, og mange av dei same kognitive fordelane som andre tospråklege får. Er du språkleg sterk og medviten, har du eit godt utgangspunkt for å klara deg godt både fagleg og sosialt på skulen, seier Trond Salte.

Særleg ansvar for å fremja nynorsk

– Fleire skular og kommunar har jobba godt det siste året for å informera foreldre om fordelane med å gå i nynorskklasse, seier Trond Salte. Han minner òg om at språklova, som byrja å gjelda for fire år sidan, har gjeve alle offentlege organ eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte skriftspråket.

Viktig å bygga språkleg sjølvtillit

I motsetnad til dei yngste elevane, er det fleire ungdomsskuleelevar som byter frå nynorsk til bokmål. På 10. trinn er det dette skuleåret 61 færre nynorskelevar enn sist skuleår. Nynorskdelen har gått ned frå 19 prosent til 17,8 prosent.

– Språkskiftet i løpet av ungdomsskulen og vidaregåande er ei utfordring. Me jobbar med fleire tiltak for å bremsa dette. Lærarane og skuleleiarane er svært viktige i arbeidet for å gje elevane språkleg sjølvtillit og nynorskkompetanse, avsluttar Trond Salte.

Her er kommunane i Rogaland der talet på nynorskelevar på 1. trinn aukar:

Strand: + 49
Sauda: + 21
Hå: + 17
Klepp: + 16
Stavanger: + 13
Gjesdal: + 12
Sola: + 10
Bokn: + 7
Suldal: + 6

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...