Stadig fleire kommunar innfører eigedomsskatt. Frå 2001 til 2008 har inntektene frå eigedomsskatt auka frå 2,7 til 6,2 milliardar, melder Vårt Land.
Det er opp til kvart enkelt kommunestyre å bestemme om kommunen skal ha eigedomsskatt. Per Richard Johansen, sjefsøkonom i Kommunenes Sentralforbund (KS) seier til avisa at nye reglar som opna for at heile kommunen kan skattleggjast, ikkje berre tettbygde område, kan ha motivert kommunane til å bruke eigedomsskatt for å hente meir pengar inn i kommunekassen. Eigedomsskatten utgjer fem prosent av kommunane sine frie inntekter.
291 av 430 kommunar i Noreg kravde inn eigedomsskatt i 2008.