Heim Nyhende Fleire støttar kommunereform og samanslåingar

Fleire støttar kommunereform og samanslåingar

Det siste året har lokalpolitikarane rundt om i landet vorte meir positive til ei kommunereform og ei samanslåing av kommunane.


Det går fram av den store lokalpolitikarundersøkinga som Kommunal Rapport har gjort om mellom anna kommunereform og – samanslåing. Nesten 3.000 av dei lokale folkevalde i Noreg har svart på undersøkinga.

I undersøkinga svarer 62 prosent at dei meiner Stortinget bør gjennomføre ei kommunereform som gir færre og større kommunar. Dette er ein oppgang på fire prosentpoeng frå for eitt år sidan. Rundt 56 prosent seier også ja til å slå saman sin kommune med éin eller fleire nabokommunar.

Sterkast har støtta auka blant dei borgarlege. Aller størst er auken i Kristeleg Folkeparti, som er på 16 prosentpoeng. I Høgre, Framstegspartiet og Venstre har støtta auka med rundt 10 prosentpoeng til over 80 prosent.

Utviklinga er i tråd med ønska til både regjeringa og samarbeidspartia. Regjeringa ønskjer eit breitt forlik om kommunereforma i Stortinget og vil i første omgang prøve å få kommunane til å slå seg saman utan «tvang». (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...