Heim Nyhende Folket vil avgjere kommunestrukturen sjølv

Folket vil avgjere kommunestrukturen sjølv

Berre éin av tre i ei ny undersøking meiner det er akseptabelt å bruke tvang for å slå saman kommunar. Eit fleirtal vil at innbyggjarane skal bestemme sjølv.

 

 

65 prosent meiner dette spørsmålet skal baserast på fri vilje, viser ei undersøking TNS Gallup har gjort for Lokalsamfunnsforeininga, gjeve att i Klassekampen.

På dette spørsmålet svarer 33 prosent at det er ok med tvang, mens 2 prosent ikkje tek stilling. Berre fire av ti av dei spurte stiller seg likevel negative på spørsmål om korleis dei stiller seg til kommunesamanslåing generelt.

På spørsmål om kven som bør avgjere om kommunen din skal slåast saman med ein eller fleire nabokommunar, svarer halvparten at innbyggjarane sjølv bør ta avgjerda. Éin av fem meiner Stortinget bør bestemme, mens fylkespolitikarane og kommunepolitikarane får nokolunde lik oppslutning blant den resterande tredelen av dei spurte.

– Det er ikkje nytt at folk er motstandarar av tvang. Det overraskande her er at berre 20 prosent meiner at Stortinget skal avgjere samanslåing, seier leiar Ole Gustav Narud i den tverrpolitiske organisasjonen Lokalsamfunnsforeininga.

På den raudgrøne sida er Arbeidarpartiet opne for tvang i enkelte tilfelle, mens SV og Sp er klart mot. Dei borgarlege partia varslar likevel omfattande samanslåing, om nødvendig med tvang. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...