Heim Nyhende Populær lærestad for nynorsk journalistikk

Populær lærestad for nynorsk journalistikk

Leiar for Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er glad for at Førde er blitt eit sentrum for opplæring i nynorsk journalistikk. 

–19. august 2013 var ein historisk dag for oss som er opptekne av nynorsk i media. Desse to små opplæringssentra i Førde tek den jobben norsk journalistutdanning ikkje bryr seg med, nemleg å lære opp nynorskbrukande journalistar, seier Magni Øvrebotten til Sogn Avis. 

NRK har drive Nynorsk mediesenter sidan 2004. I haust starta Firda opp Nynorsk avissenter i den vesle sunnfordbyen. Til saman skal desse to læra opp ni nynorskpraktikantar til journalistar i løpet av det komande halvåret. I Firda tok dei denne veka mot det fyrste kullet, medan det var det nittande som gjekk inn dørene til NRK Sogn og Fjordane.

– Røynsla vår er at nynorskpraktikantane raskt vert ein del av redaksjonsmiljøet i NRK. Det kjem sikkert til å bli slik i Firda også, men no får dei fem nynorskpraktikant­ane våre fire likesinna som driv på med det same i Firda. Det trur eg blir kjekt og inspirerande for alle, seier Magni Øvrebotten.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...