Heim Nyhende – For dårleg og generelt valkampmateriell

– For dårleg og generelt valkampmateriell

Dei politiske partia i Sogn og Fjordane er på ingen måte gode nok til å reklamere for seg sjølve framfor valet, meiner reklamemann Malvin Horne.

Horne har arbeidd i reklamebransjen i 30 år. Han har sett nærare på valkampmateriellet til dei ulike politiske partia i Sogn og Fjordane, og let seg på ingen måte imponere.

– Det er veldig mykje likt og det blir alt for mange ord. Folk er ikkje interesserte i å lese side opp og side ned, seier Horne til NRK.no.

Med bare litt over ei veke igjen til valet er det mange som akkurat nå brukar tid på å prøve å orientere seg i det politiske landskapet. I postkassa di har det gjerne kome brosjyrar frå dei politiske partia der dei gjer det dei kan for å prøve kapre nettopp di stemme.

Horne som er dagleg leiar i reklamebyrået A til Å, er ikkje imponert over arbeidet som er lagt ned i valkampmateriellet.

– Mange av partia bruker slagord som er så generelle at dei kunne gjelde for alle partia. Så på dette er det ingen som er flinke, seier Horne.

Eit eksempel han viser til er Samfunnsdemokrata med slagordet «Eit verdig liv for alle, med menneska i sentrum».

– Dette er eit slagord alle partia kunne brukt, seier Horne.

Han meiner partia har mykje å lære og trur mange ikkje har nok fokus på at dei gjennom valkampmateriellet må selje seg til kundane på same måte som til dømes ei matvareforretning sel seg til kundane i sine reklamar.

– Det blir mykje tekst og eit komplisert språk. Dei fortel heile tida kva dei vil, men ikkje om kva dei skal eller kva dei har fått til, seier Horne.

Han meiner partia i staden hadde tent på å vise til konkrete saker med å fortelje gode historier om nettopp kva deira partia har kjempa for og fått til tidlegare.

– Eg er ikkje veldig imponert over valkampmateriellet, nei, seier Horne.

Her kan du lese hans kommentarar til dei ulike partia sine valbrosjyrer i Sogn og Fjordane.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...