Heim Nyhende – For uforpliktande

– For uforpliktande

I nytt forslag til læreplan i norsk føreslår ein å byrje med sidemål i 2. klasse. – For uforpliktande, seier leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture. 

 

I den nye læreplanen føreslår ein at alle elevar skal ha snakka om dialekt, bokmål og nynorsk før dei går ut av 2. trinn på barneskulen. Ein skal òg ha lytta og snakka om tekstar på bokmål og nynorsk i løpet av dei første to skuleåra.

Les forslaget til læreplan her. 

Vebjørn Sture, er godt nøgd med at ein byrjar så tidleg, men er likevel skeptisk til om læreplanen held mål. 

– Det blir veldig uforpliktande, og veldig avhengig av kvar lærar, seier han, til Framtida.no

Målungdomen ønskjer skriving i sidemålet mykje tidlegare, og vil at elevane skal begynne med dette seinast på 4. trinn. 

– Dette vil føra til at elevar i ulike klassar og på ulike skular kjem til å verta vurderte på heilt ulikt grunnlag. For dei med samvitsfulle og profesjonelle lærarar, vil sidemålskunnskapen telja ein god del. For dei som har uvelvillig innstilte lærarar, som me diverre veit at det finst litt for mange av, vil sidemålskunnskapen telja så godt som ingenting. Dette luktar ansvarsfråskriving.

Sture reagerer også på at ein ynskjer ei endring i vurderinga av elevane.  I forslaget er det lagt opp til tre alternativ for vurdering. 

– Det er alternativ 1 som er «lungebrannen» her, medan alternativ 2 og 3 er ulike former for influensa. Alternativ 3 har fordelen av ein eigen karakter, og alternativ 2 fordelen av at sidemålsopplæringa også held fram i VG3. Det er utruleg synd at dei to tinga skal setjast opp mot kvarandre på den måten, seier han til Framtida.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...