Det er enno ikkje for seint å bli Årets nynorskkommune 2011.
Kommunal- og regionaldepartementet vil nemleg ha fleire med i tevlinga. Den opphavlege søknadsfristen var 15 oktober, men no har Region- og kommunaldepartementet avgjort å utsetje fristen til 24. oktober.
Sjølve prisen er på 100.000 kroner.
Første året prisen vart delt ut, var det elleve søkjarar. I fjor var det fem, og i år har så langt åtte kommunar søkt om å få bli Årets nynorskkommune. Vinnaren er ein kommune som har nynorsk som målform, og blir delt ut i november i år. (©NPK)