Heim Nyhende Formidling nyttar

Formidling nyttar

– Komande lærarar må lesa barnebøker og vera formidlarar av god barnelitteratur, seier Forlagsredaktør i Mangschou,­ Anne-Stefi Teigland.

På barnelitteraturfestivalen Falturiltu vende Teigland seg til lærarstudentane i salen og oppmoda dei til å synleggjera og leggja til rette for lesing.

– Bøkene bør vera der borna er, og dei må få kjennskap til og tilgang til bøker. Ein lærar bør bruka ein tredjedel av si ubundne tid på å lesa, understrekar Teigland. Men ein må gjerne bruka fritida si i tillegg.

– Det er framleis lærarar som held litteratur på altfor lang avstand. Sjølv jobba ho med litteraturformidling via prosjektet ”Gje rom for lesing” i perioden august 2003 til 2006. Då besøkte ho rundt 400 skuleklassar og formidla litteratur til mellom- og ungdomssteg og til elevar i den vidaregåande skulen. I tillegg har ho hatt rundt 100 kurs for lærarar.

Bokmålsdama les nynorsk

– Elevar må ha god tid til å lesa, understrekar Teigland. Du finn ikkje ut om ei bok er god, i løpet av dei to fyrste sidene. Mange av elevane i dag stressar av garde. Ein kan ikkje venta av ein elev at han skal koma i gong med lesing i løpet av dei ti siste minutta av ein time.

I perioden Teigland jobba med litteraturformidling i skulen, møtte ho mange engasjerte lærarar. Men det var og fleire gonger ho opplevde at lærarane melde seg ut og ikkje deltok i litteraturformidlingsdelen.  Teigland vart òg oppfatta som ei bokmålsdame på grunn av dialekten og fekk ofte spørsmål om kvifor ho formidla nynorskbøker på ein bokmålskule.

– Det er synd for dei som ikkje forstår nynorsk, for dei går glipp av gode bøker, seier Teigland.

– Det er deira problem, ikkje mitt. Nynorske bøker hadde og har ein heilt sjølvsagt og naturleg plass i mi formidling, understrekar Teigland. Dei vart presenterte på lik linje med dei andre barnelitteraturbøkene. Ofte valde ho nynorske bøker til å lesa høgt for å skapa ei god stemning innleiingsvis. Ho las også høgt medan elevane såg på ulike omslag på bøker som var utstilte utan å vere kategoriserte utifrå språk eller innhald. Slik fekk ho til ein dialog om bøkene med elevane.

Nynorsksyting

– Det er ein fiks idé mange har, at det er så vanskeleg med nynorsk, seier Teigland. Ho hevdar det er vaksne som konstruerer denne problemstillinga. Det er ikkje rart at elevane streikar når det er så mange lærarar som ikkje vil lesa nynorsk. Men hjå meg fekk dei ikkje sympati for nynorsksytinga si, smiler Teigland.

Ho har også eit hjartesukk når det kjem til mengda av litteratur som er tilgjengeleg på dei ulike skulebiblioteka. Det må skaffast bøker, og det må vera fleire enn eit eksemplar av kvar bok. Born må sleppa å venta i veker og månadar på å få lesa den boka dei vil. Teigland meiner skulane i dag diverre har større vilje til å bruka pengar på ekstern formidling enn på å kjøpa inn bøker.

Unngå kategorisering

– Det er viktig at barn får møta vaksne  som les barnelitteratur og tek den på alvor, seier Teigland. I si tid som litteraturformidlar erfarte ho at elevane opplevde å bli tekne på alvor ved at det var ein vaksen som las det dei hadde lyst til å lesa.

– Barnebøker blir i for stor grad kategoriserte, meiner Teigland. Ved å ikkje definera ei bok som jentebok eller gutebok, men formidla innhaldet, kan boka treffa breiare.

– Skal du formidla ei bok vidare, skal du ha lest ho fyrst, understrekar Teigland. Det nyttar ikkje skumma i andre sine meldingar og baksidetekstar når du skal formidla ei bok vidare. Ei god formidling kan vera med på å gje knaggar og nøklar for utrente lesarar. Som litteraturformidlar er det viktig å få elevane til å tru på deg. Dei må bli overtydde om at du som formidlar likar dei bøkene du fortel om. Det er viktig som formidlar å ha eit ynskje om å dela kunnskap med andre.

Det er ulike måtar å koma inn i ei bok på. Ein kan samanfatta plottet, ta tak i hovudpersonen, rammene, framside- og baksideteksten, eller sjå på konteksten ut frå noko som hende den eine dagen du presenterer ho.
Teigland meiner ein må unngå å definera bøker som morosame, spennande og kjekke. Det er godt mogleg å snakka om bøker ut frå andre ting. Å vera ærleg og formidla problem undervegs i lesinga er også heilt legitimt. Alle elevar skal ikkje lika dei same bøkene. Teigland hadde fyldige litteraturlister når ho dreiv med litteraturformidling i skulen. På den måten signaliserte ho at det finst ei bok til alle, og at alle ikkje treng same bok. Ho valde også å la godt profilerte bøker som Harry Potter og Ringenes Herre bli att. Ved spørsmål frå elevane om kvifor desse ikkje var med, svara ho at desse mest sannsynleg er kjende for alle.

– Målet må vera å finna bøker ein vil lesa sakte. Dei bøkene som eg les fort, er dei som eg ikkje likar, avsluttar Teigland.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...