Heim Nyhende Fornyingsministeren er lei av tåkeprat

Fornyingsministeren er lei av tåkeprat

Fornyingsminister Rigmor Aasrud sender språksyndene til byråkratane i retur. Ho peikar på at desse syndene kostar samfunnet 300 millionar kroner årleg.

– Du skal ikkje gå mykje rundt i gangane her i huset før du finn setningar eg stemplar som uklart språk, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud (Ap) til VG.

Eit stempel frå Aasrud og andre statsrådar tvinger byråkratane til å formulere seg om igjen viss språket er uklart og tåkete.

Hennar eigne byråkratar har rekna ut at uklart språk frå stat og mynde kostar 300 millionar kroner årleg. Folk som får brev eller skjema forstår ikkje kva det står i dei.

– Folk må faktisk ofte ringe og spørje kva som eigentleg står i brevet eller skjemaet dei har fått. Kanskje må det bli sendt eit nytt brev. Dette fører til lengre saksbehandlingstid. Tida det tar å oppklare og rette opp i til dømes ufullstendige søknader er kostbar, peikar Aasrud på.

Språkrådet har sidan 2009 samarbeidd med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) for å betre språket i staten. Initiativet kjem frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.  Føremålet med prosjektet «Klart språk i staten» er å betre språket i skriftleg informasjon til publikum.

Språkrådet har utarbeidd nokre tips til korleis byråkratar og andre kan få eit betre språk. Her er nokre av dei:

Unngå å bruke abstrakte ord og uttrykk.

Unngå også vage uttrykk og moteord.

Bytt ut substantivtunge setningar. Bruk verb.

Bytt ut passive setningar med aktive.

På det nåverande tidspunkt = Nå

I inneverande år = I år

Du finn fleire råd til korleis du skal skrive og korleis du ikkje skal skrive på Språkrådet si nettside for «Klart språk i staten».

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...