Heim Nyhende Frå fylkeskommunen til Oslo Fashion Week

Frå fylkeskommunen til Oslo Fashion Week

Sogn og Fjordane fylkeskommune har samarbeidd med moteindustrien og Trygg Trafikk om design som reddar liv.

 

Fylkeskommunen har nemleg gått saman med klesindustrien i Stryn, Trygg Trafikk, Reflexconsult og Norsk Designråd om ein ny kleskolleksjon som brukar refleksar som dekorative element. Kleda er dermed trendy og trafikksikre på same gongen, og har fått namnet Remerk. Motehusa Moods of Norway og Ricco Vero stiller med kvar sin Remerk-kolleksjon.

Refleks-kolleksjonen vert lansert onsdag 6. februar hjå Norsk Designråd i hovudstaden, i tilknyting til motemessa Oslo Fashion Week.

Ideen til kolleksjonen var det fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i Sogn og Fjordane som fekk, då ho var leiar av Trafikktryggleiksutvalet i fylket for nokre år tilbake. Ho tok kontakt med klesdesignmiljøet i Stryn og fekk ballen til å rulle. Resultatet er to kolleksjonar med reflekspynta designerklede.

Også Norsk Designråd er med på samarbeidet, som har fått status som nasjonalt pilotprodukt.

– Om vi lukkast med dette vil vi ha greidd å gjere refleksbruk til noko heilt anna enn det har vore så langt, seier fylkesordførar og initiativtakar Kjelsnes. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...