Heim Nyhende Frå sentralbad til bokbad i Odda

Frå sentralbad til bokbad i Odda

Norsk kulturråd har løyvd i overkant av 1,7 millionar kroner til arbeidet med å byggje om det gamle badet på smelteverkstomta i Odda i Hordaland til bruk for litteratur og kulturføremål.

Tilskotet skal gå til ei innvendig opprusting av bygget.

– Kulturrådet ønskjer å bidra til etablering av arenaen fordi han er forankra i eit levande litteratur- og forfattarmiljø. Dessutan har han eit interessant fagleg fokus i skjæringspunktet mellom litteratur, samfunnsspørsmål og industri, seier rådsleiar Bentein Baardson i ei pressemelding frå Kulturrådet.

Smelteverket i Odda representerer norsk industrihistorie. Sentralbadet er eit jugendinspirert garderobebygg frå 1908. Arkitekt Gro Lavold sine planar for ombygginga vil ivareta bygget sin karakter og detaljar.

– Her vil industrihistorisk viktig bygningsmasse få ny bruk og bli gjort om til ein levande møtestad for kultur. Og Kulturrådet legg også vekt på at arenaen skal utviklast i nært samarbeid med biblioteket og ulike miljø lokalt og regionalt, seier Baardson.

Odda har gjennom lang tid satsa på litteratur. Industritettstaden har fostra forfattarar og skribentar som Marit Eikemo, Frode Grytten, Lars Ove Seljestad, Hallgeir Opedal og Bjørn Ingvaldsen. Forfattarane peikar gjerne på Odda bibliotek og dei sterke bibliotekssjefane der gjennom tidene som eit viktig utgangspunkt for at deira litteraturinteresse blei vekt.

Biblioteket var også blant initiativtakarane til Litteratursymposiet, som blei etablert i 2002.

– Litteratursymposiet har utvikla seg til å bli ein viktig litteraturfestival. Sentralbadet litteraturhus vil gi symposiet fast base og ein god arena, og gir dessutan høve til utvikling av nye litteraturprosjekt, sluttar Baardson.

I tillegg til å huse Litteratursymposiet skal bygget bli fylt med ulike brukarar og leigetakarar, bokhandel, minibibliotek, kafé, arbeidsplassar og møte- og konferanserom.

Les også kva Bergens Tidende skriv om smelteverkstomta.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...