Heim Nyhende Har fått det betre med seg sjølv

Har fått det betre med seg sjølv

28. januar fekk garden til Kjell Jostein Vårvik (48) på Bergjord i Suldal eit nytt bein å stå på, då han og kona opna sin eigen avleggjar av Visjonen Senter. På Bergjord kan du nå vere med på kurs i meditasjon og alternativ behandling.

Vårvik var nøgd med livet sitt, men i november i 2009 følgde han magekjensla og blei med kona Wenche Guggedal Vårvik (50) på eit kurs hos Visjonen Senter i Odda.

– Slike alternative greier hadde aldri eg trudd at eg kom til å drive med. Eg hadde det godt med meg sjølv før, men har det mykje betre nå. Eg gjekk gjennom det som eg liker å kalle ein «ryddesjau i hovudet.» Eg sleit med sorg etter at bror min døydde av kreft, og gjennom den alternative behandlinga fekk eg hjelp til å rydde opp og kome meg vidare, fortel Kjell Jostein Vårvik engasjert.

Blant lamaer, mohairgeiter, ponniar, høner, hanar, sauer, smågrisar, stuegrisar, eit par hundar og englekort har nå både mann og kone full jobb på garden. Han bruker mykje av dagen saman med ein 16-åring frå Irak som han har i arbeidstrening på garden gjennom Inn på tunet.

INN PÅ TUNET

Inn på tunet er det som tidlegare blei kalla Grøn omsorg, og er eit tilbod på gardsbruk for einskildmenneske eller grupper. Aktivitetane i tilbodet byggjer på garden og bonden sine ressursar. Tilbodet er tilrettelagt for målgruppe eller brukar. Det kan vere eit utdanningstilbod knytt til skulen eller aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstenesta.

Saman med 16-åringen bygde Vårvik det 70 kvadratmeter store bygget på garden som er Visjonen Senter, i løpet av tre månader.

– Viss eg ikkje hadde vore gjennom ryddesjauen i hovudet, hadde eg ikkje hatt denne guten i arbeidstrening. Det er noko av det gode den nye trua har ført med seg, seier bonden.

Ein gong i månaden kjem Visjonen Senter-gründer Grethe Fykse frå Odda til Bergjord og held kurs. Kursdeltakarane kjem frå både fjern og nær.

– Målet er å få det betre med seg sjølv, og det har eg fått. Etter eit slikt kurs føler eg meg lettare, fortel Vårvik.

LÆKJANDE EKTEPAR

Kvar måndag startar ekteparet Vårvik veka med meditasjon saman med trusfellar i det nye kurslokalet sitt. Både mann og kone driv dessutan med healing.

– Korleis har den alternative behandlinga som de tilbyr på garden, blitt tatt imot i bygda?

– Vi høyrer ingenting negativt. Det er ein del skepsis, og det skal det jo vere. Vi har ikkje følt noko ubehag i forhold til dette, slår Vårvik fast.

48-åringen møtte kona på Ungkarsfestivalen fleire gonger, før det i 2002 endeleg var nokre piler som trefte dei begge. Ho var opphavleg frå Sauda, men hadde budd på nabogarden i to år. Sauda-jenta har sett sitt preg på garden på Bergjord.

– Eg hadde nok ikkje funne ut av dette viss eg ikkje hadde treft Wenche. Ho har tilført heimgarden min mykje. Det er hennar ære at vi driv garden på den måten vi gjer i dag, sluttar suldalsbonden.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...