Heim Nyhende Siktar stadig høgare

Siktar stadig høgare

Øyvind Marvik (37) og ToppVolley Norge er ikkje redde for å setje seg høge mål. Nå siktar dei seg inn mot høgskuleutdanning.

Det begynte med ei nedleggingstruga avdeling av Sauda vidaregåande skule. I dag er avdelinga eit hovudsete for volleyball. Om ikkje lenge er det også eit hovudsete for sandvolleyball, og neste år kjem etter planen høgskuleutdanning på plass.

– Det er viktig at vi heile tida vågar å ta nye steg, men at den vidare satsinga ikkje går ut over kvaliteten på tilbodet, seier avdelingsleiar for ToppVolley Norge, Øyvind Marvik.

ToppVolley held til på Sand i Suldal kommune og er ein del av Sauda vidaregåande skule. I 2004 avgjorde Norges Volleyballforbund at det skulle opprettast ei volleyball-linje på Sand, og i mars same året blei linja presentert. I dag har avdelinga 72 elevar.

Spleiselag for millionhallar

I 2006 gjekk Suldal kommune, Rogaland fylkeskommune og volleyballforbundet saman om å byggje ein 900 kvadratmeter stor hall til 20 millionar kroner. I november i fjor grov Bjørn Maaseide ned grunnsteinen til sandvolleyhallen til 29 millionar kroner. Denne skal stå klar i løpet av sommaren.

Det aller siste nye frå ToppVolley Norge er at Sauda vidaregåande skule prøver å få til eit samarbeid med Høgskulen i Telemark om å kunne tilby utdanning i idrett på høgskulenivå på Sand.

Etter planen skulle dette høgskulestudiet ha vore klart for studentar til hausten, men det blei litt knapp tid til søknadsfristen, som er nå i april.

Marvik trur lokaliseringa av ToppVolley Norge har vore avgjerande for suksessen.

– Elevane kjem til oss frå heile landet. Det er første gong dei flyttar heimafrå, og for foreldra er det trygt og godt at skulen er i eit lite og oversiktleg samfunn. I ein storby hadde vi blitt usynlege. På ein stad som Sand sørgjer tilbodet vårt også for regionalutvikling, og det igjen betyr at vi får god og avgjerande støtte frå kommune, fylkeskommune, Statkraft i tillegg til andre lokale aktørar, slår avdelingsleiaren fast.

Stor lokal entusiasme

– Det var mange som såg gevinsten ved å leggje til rette for ToppVolley på Sand, og då blir entusiasmen større, held han fram.

Sjølv er Marvik frå Sand, og dermed er også hans eigen entusiasme stor.

– Det er sabla spennande å jobbe med dette, samstundes som eg føler eit veldig ønske om å lukkast. Eg vil at tilbodet skal bidra til meir enn volleyball for bygda, seier 37-åringen. Han har vore involvert i ToppVolley Norge sidan oppstarten i 2004.

ToppVolley Norge har i dag 30 årsverk med både tilreisande og lokale tilsette. Tilbodet har ført til fleire innbyggjarar i Suldal kommune. Fasilitetane til ToppVolley blir brukte fast av juniorlandslaga i volleyball, og med den nye sandvolleyhallen håpar Marvik at også den norske sandvolleyeliten vil bruke Sand som base.

– Vi er i ferd med å bli ein smeltedigel for både juniorar og seniorar, seier Marvik.

ToppVolley gir seg ikkje med det.

– Fleire og fleire bruker oss som kompetansesenter for trening, kurs og konferansar. Dette konseptet har vi lyst til å utvikle vidare, sluttar Øyvind Marvik.

Nøgde samarbeidspartanar

Suldal-ordføraren har ikkje angra på at kommunen valde å støtte ToppVolley-prosjektet.

– ToppVolley har betydd mykje for Suldal kommune og for den vidaregåande skulen i Indre Ryfylke. ToppVolley har blitt ein utviklingsaktør i Suldal, og eg er veldig imponert over det dei har fått til, slår Suldal-ordførar Torkel Myklebust fast.

– Dei marknadsfører dessutan kommunen på ein god måte, legg han til.

I Norges Volleyballforbund er dei også nøgde med utviklinga ToppVolley på Sand har vist sidan 2004.

– Vi er veldig positive til skulen, som sørgjer for kompetanseheving og utvikling av gode volleyballspelarar kvart år. Skulen har i tillegg gode lærarar, som jobbar systematisk med å utvikle spelarar, seier Eva Lio, som er generalsekretær i Norges Volleyballforbund.

– ToppVolley er vidare eit kompetansesenter for heile Volleyball-Noreg, der vi kan kome og lære og bli skolerte på den erfaringa skulen har opparbeidd seg gjennom mange år, held ho fram.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...