Heim Nyhende Framtida.no får støtte frå Fritt Ord

Framtida.no får støtte frå Fritt Ord

Den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, får støtte frå Fritt Ord til ein artikkelserie om det politiske i språket.

 

– Det er veldig kjekt at ein institusjon som Fritt Ord har tru på prosjektet vårt, seier Svein Olav Langåker, prosjektleiar for Framtida.no. Fritt Ord bidreg med 50.000 kroner.
Artikkelserien er tenkt som del av eit prosjekt der Framtida.no har som mål å tilsetja det som kan bli Noregs første språkjournalist.
– Framfor stortingsvalet i 2013 meiner me det er ekstra aktuelt å skriva om språk og kva orda me bruker har å seia for folkestyret, seier Langåker.
Målet med artikkelserien er å gje fleire lesarar ein god grunn til å snakka om språk i det komande Språkåret. Framtida.no ønskjer å visa fram språkmangfald, kva makt som ligg i språket og avdekkja språkleg avmakt.

Nær 400.000 unike brukarar
Framtida.no blei starta av ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Landslaget for lokalaviser hausten 2010. Framtida.no har i dag ein redaksjon på to årsverk. I tillegg leverer kring 20 aviser og over 20 unge skribentar artiklar til Framtida.no. Sidan starten har nær 400.000 unike brukarar besøkt nettsida, og talet på vekentlege og daglege brukarar aukar.

Lokomotiv for nynorsk på nett
– Målet vårt er å saman med Startsida.no vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og vera til nytte og glede for stadig fleire lesarar, seier Svein Olav Langåker. Seks aviser viser i dag fram nyhenda til Framtida.no på nettsidene sine. Framtida.no arbeider for å auka distribusjonen av artiklane sine.
– Me ønskjer òg å knyta samarbeid med kommunar, skular og bibliotek. Blant anna for bibliotek og skular bør det vera interessant å ”abonnera ” på artiklar innanfor enkelttema som litteratur, bokmeldingar, politikk, yrkesval, språk eller klima, avsluttar Langåker.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...