Heim Nyhende Fritt Ord støttar nynorske litteraturprosjekt

Fritt Ord støttar nynorske litteraturprosjekt

Fritt Ord har denne sommaren støtta litteraturprosjekt i norske bibliotek som har som mål å stimulere til auka formidling av nynorsk litteratur.

 Eit av prosjekta som fekk støtte var Nynorsk=Bynorsk som Ålesund bibliotek har tatt initativ til.

– Målgruppa for prosjektet er elevar i den vidaregåande skulen, målet er at desse skal forstå at nynorsk faktisk er eit godt bruksspråk, det er ikkje berre språket for naturskildringar og lyriske vendingar, seier biblioteksjef Mariann Schjeide.

 
Fritt Ord fekk inn totalt 93 søknadar til prosjektstøtte om formidling av nynorsk litteratur, 44 av desse fekk støtte. I Ålesund er dei godt nøgde med tilskotet på 50.000 frå Fritt Ord. Midlane vil bli brukt til å dekke reise og opphald for forfattarane.
– Det er også eit poeng for oss at forfattarmøta skal skje her i bibilioteket og ikkje på skulane, dei skal kome til oss for å få møte forfattarane i eit bok – og bibliotekmiljø, seier Schjeide. 
 
Les meir om prosjektet i Ålesund i neste utgåve av LNK-avisa. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...