Heim Nyhende Frivillige lag får viktig momskompensasjon

Frivillige lag får viktig momskompensasjon

Kulturminister Thorhild Widvey fortel at frivillige lag her i landet får 1,2 milliardar kroner i momskompensasjon for inneverande år.

 

Det betyr at dei 19.000 foreiningane som har søkt slik kompensasjon, berre får ei avkorting på 17 prosent i forhold til det er søkt om. I fjor, i 2013, var avkortinga på 30 prosent, så det er mange pengar som har kome i tillegg for dei frivillige.

– Det har vore ei gradvis opptrapping av denne kompensasjonen sidan 2009. Målet var å auke dette tilskotet til over ein milliard kroner i 2014, og det målet har vi nådd, seier Widvey til NTB.

Det er også klart at denne ordninga som gjeld for all frivillige lag i Noreg, blir auka med ytterlegare 40 millionar kroner neste år.

Frie midlar

Kulturministeren seier til NTB at det er ei svært viktig ordning for dei frivillige det er snakk om.

– Det er også verd å merke seg at dette er heilt frie midlar. Den kompensasjonen laga får har stor betydning for handlefridomen, for det er ikkje sagt noko om kva desse pengane skal brukast til, seier Widvey.

Ho fortel at det var 19.000 lag som søkte og som har nytt godt av denne ordninga i år, og det er ein auke på 1000 sidan 2013.

– Er det eit mål og håp om å nå ein dekningsgrad på 100 prosent?

– Det som er vanskeleg er å vite kor mange det er som søkjer på denne ordninga frå år til anna. Det er 1000 fleire lag som har fått kompensasjon i år enn det var i fjor, samtidig som avkortinga er blitt mindre, og det tyder vel på at vi er i ferd med å nærme oss eit fornuftig nivå, seier kulturministeren.

Også idretten jublar

Også idretten jublar for denne ordninga som Børre Rognlien og styret hans i Norges idrettsforbund har jobba mykje med.

– I den siste perioden (siste fire åra) har ordninga med kompensasjon for vare- og tenestemoms auka med 400 millionar kroner. No er den på 1,2 milliardar kroner, seier Rognlien til NTB.

Han er svært fornøgd med at dekninga no er på godt over 80 prosent, for det har vore ei fin og gradvis opptrapping dei siste åra.

– Det er ingen hemmelegheit at vi jobbar med å få dekt 100 prosent av all moms frivillige lag betalar her i landet, seier idrettspresidenten til NTB. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...