Heim Nyhende Frustert over språktest

Frustert over språktest

Sandra Opheim er mor til ein gut på to år. Då sonen hennar skulle ta språktesten SATS via helsestasjonen, sa ho nei. Ho syntes ikkje noka om at teksten var utforma på bokmål.

Testen det gjeld har som føremål å kartleggje språkforståing og talespråket hjå toåringane, og er ein av fleire kartleggingsverktøy for språk helsestasjonane kan ta i bruk. Verkøtya blir tilrådde frå Helsedirektoratet, og somme finst i båe målformer.

Då Opheim fekk brevet med testen vedlagt ringte ho til helsestasjonen for å høyre om denne fanst på nynorsk. Då så ikkje var tilfelle takka ho nei til tilbodet om test. Testen er frivillig, og helsestasjonen har dessutan høve til å teste språkforståing også gjennom leik, seier ho.

Opheim er likevel ikkje heilt fornøgd med saka og har denne veka mellom anna uttalt seg til Sogn Avis. No har ho fått mange kommentarar frå andre foreldre som har støtta hennar syn på saka. 

– Mange har nok ikkje tenkt over at teksten er på bokmål ein gong, og det seier kanskje mykje om kor dominerande stilling bokmålet har.

Testen det gjeld er utforma av Bente Hagtvedt og Erna Horn ved Universitetet i Oslo. Bente Hagtvedt seier til Sogn Avis at det ville vore ideelt å omsetje testen til fleire språk, men at det ikkje er økonomi til det. Ho peikar også på at testen er meint å skulle framførast munnleg, på det språket barnet snakkar.

Det meiner Opheim ikkje vedkjem saka.

– All informasjon som kjem frå det offentlege må vere på både nynorsk og bokmål. Dette er eit viktig målpolitisk poeng. Eg synest det er trist at bokmålet får ei sterkare stilling og skal oppfattast som det normale.

Denne veka har Opheim tatt skeia i eiga hand og fått teksten i testen omsett.

– Eg har no omsett SATS-testen til nynorsk, og eg har hatt med meg spesialpedagog Vibeke Fusche Moe på korrektur. Viss helsestasjonane ønskjer å ta denne nynorske versjonen i bruk, så vil vi gjerne tilby han.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...