Heim Nyhende Fryktar dårleg kvalitet i språkdelte klassar

Fryktar dårleg kvalitet i språkdelte klassar

Rektorar ved Trææt skule og Fauskanger barne- og ungdomsskule har skrive bekymringsbrev til undervisningssjef Åge Rosnes grunna frykt for språkkaos etter folkeavstemming om målføre i slutten av mai, skriv Askøyværingen.

I brevet til kommunen legg rektorane ikkje skjul på at dei fryktar kaotiske tilhøve framover. Auka tilflytting kan føre til endå større behov for klassedeling.
– Vi er uroa over kvaliteten på språkopplæringa vi greier å gje i desse klassane, og fryktar språkforvirra elevar, seier rektor ved Trææt skule Jostein Danielsen til Askøyværingen. I mange av timane må elevar handtere skriftleg undervisning på det andre målføret, eller skriftleggjering på to målføre samstundes. Dette er særs krevjande for dei svake elevane, heiter det i brevet.

les heile saka her.

I slutten av mai skreiv Askøyværingen at 265 stemde ja til å halde på nynorsken ved Træet skule og Fauskanger barne- og ungdomsskule, medan 189 stemde for bokmål som opplærinsgspråk. Dette var andre gong på sju år at ein har ei slik avstemming i Askøy. Denne gongen var deltakinga svært låg, og berre 28 prosent av dei røysteføre gav si stemme i går.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...