Heim Nyhende Fylkesordføraren i Hordaland frir til Rogaland

Fylkesordføraren i Hordaland frir til Rogaland

Fylkesordføraren i Hordaland, Tom-Christer Nilsen (H), er positiv til fylkessamanslåing og meiner det er naturleg at Hordaland og Rogaland samarbeider tettare.

 

– Eg meiner det er ein veldig god ide at vi slår oss saman, seier han til Bergens Tidende i ein kommentar til at regjeringa fredag la fram stortingsmeldinga om kommunereforma.

– Den verkelege motoren i denne landsdelen er Hordaland og Rogaland. Dei to høyrer saman,seier Nilsen, som er klinkande klar på kva retning samarbeidet bør gå.

Også leiaren for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), meiner mykje tyder på at Hordaland og Rogaland kjem til å slå seg saman.

– Når vi er på reise i Rogaland er dei veldig opptekne av dette, spesielt dei som bur nær fylkesgrensa, seier han.

Han meiner Sogn og Fjordane også bør vurdera situasjonen sin med tanke på eit tettare samarbeid mellom dei to andre vestlandsfylka i sør. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i fjordfylket er derimot ikkje like begeistra.

– Primært har vi ei haldning om at vi vil halda fram som eige fylke, men vi avviser ingenting, seier ho til avisa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...