Heim Nyhende Går mot språkrøysting i Holet

Går mot språkrøysting i Holet

Språkdebatten i Hol skaper engasjement. No kan det bli språkrøysting i Holet skulekrins.

 

Aksjonsgruppa for bokmål manglar berre sju underskrifter for å nå det magiske talet på 145, skriv Hallingdølen.

– Me har fått signal frå folk som vil skrive seg på lista. Eg trur me greier å samle nok underskrifter, seier Kolbjørn Bakken som er ein av åtte bokmålsforkjemparar som drog i gang underskriftskampanjen.

Målet er å endre hovudmålet i Holet skulekrins frå nynorsk til bokmål. Den kampanjen har vekt oppsikt og debatt, både i sosiale medium og heime hjå folk.

– Me har merka at det er stort engasjement. Me har hatt mange gode diskusjonar med folk, seier Bakken til Hallingdølen.

Dersom dei får 25 prosent av dei røysteføre til å ytre ønskje om bytte av målform, så kan dei også  krevje ei rådgjevande folkerøysting, ifølgje Opplæringslova. Målet er at bokmål er hovudmålet i Holet skulekrins frå neste skuleår.

I 2005 vart det også gjennomført ei rådgjevande folkerøysting, då røysta tre gonger så mange for nynorsk enn for bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...