Heim Nyhende Garborgdagar i januar

Garborgdagar i januar

25. januar er det 161 år sidan Arne Garborg vart fødd på Garborg i Time, og denne dagen i 2012 startar Garborgdagane. Då blir det fire dagar med program for folk i alle aldrar.

– Vi ønskjer å ha eit arrangement kor terskelen for å delta ikkje er så høg. Me vil gjerne at dette blir attraktiv også for dei som ikkje kjenner Garborg så mykje frå før, seier rådgjevar Janne Brit Nesse i Time kommune.

Garborgsenteret har ungdom som si prioriterte målgruppe, men programmet på Garborgdagane skal femne også om dei yngre barna.

– Denne fotokonkurransen som Garborgsenteret har gåande er spesielt spennande fordi det er ungdommane i referansegruppa til senteret som tar ansvar og gjennomfører den, fortel Nesse.

Bilda frå fotokonkurransen blir stilt ut under Garborgdagane, og publikum som besøker utstillinga kan vere med og stemme fram vinnaren. Dei tre vinnarane blir utropt søndag 28. januar.

For dei yngste blir det bursdagsfeiring på biblioteket og i Garborgsenteret. I tillegg blir det forteljarkokeri rundt om på skulane. Då vil Heidi Strand Harboe reise rundt og fortelje om Arne Garborg, med nyskrive manus av Sigbjørn Reme.

Det er i år 150 år sidan Hulda Garborg vart fødd, og hennar matglede og –ekspertise skal vere med og setje preg på Garborgdagane. Den franske kafeen på Garborgsenteret vil servere franske freistingar i Huldas ånd desse dagane. Det blir dessutan ein større matfest, Huldas etegilde, kor Jærkokken skal kokkelere og biograf Arnhild Skre og Torstein Obrestad skal vere med og setje preg på kvelden.

Det er Time kommune, Time mållag og Garborgsenteret som arrangerer Garborgdagane, noko dei har gjort nokre år no.

– Ønsket vårt er å utvikle dagane meir, seier Nesse.

Ho håpar etter kvart at andre organisasjonar i lokalsamfunnet vil bli med og arrangere dagane slik at også fleire får eit forhold til arrangementet og Garborg-ane.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...