Heim Nyhende Nye leiarar i Vestlandsrådet

Nye leiarar i Vestlandsrådet

Vestlandsrådet har fått ny leiar og ny sekretariatsleiar. Tom-Christer Nilsen, fylkesordførar i Hordaland, er blitt leiar av rådet. Odd Erik Hansgaard er tilsett som ny sekretariatsleiar.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland tok over leiarfunksjonen i Vestlandsrådet etter nyttår. Han tok over etter fylkesordførar Janne Johnsen i Rogaland.

Leiarvervet i Vestlandsrådet går på rundgang mellom dei fire fylkeskommunane som er medlem av Vestlandsrådet. I 2013 tek Sogn og Fjordane over leiarvervet.

Odd Erik Hansgaard blir ny sekretariatsleiar for Vestlandsrådet etter Trond Ueland, som gjekk av ved årsskiftet. Hansgaard tiltrer i stillinga 1. februar. Kontorstad vil vere Stavanger.

Sekretariatsleiaren er dagleg leiar for sekretariatet for Vestlandsrådet, og skal førebu og følgje opp saker for Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd på Vestlandet oppretta av fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet skal mellom anna styrke landsdelen både nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og fremje andre politiske saker av felles interesse. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...