Heim Nyhende Glad for sidemålsvedtak

Glad for sidemålsvedtak

– Noregs Mållag er svært glad for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen ikkje vil svekkje sidemålsordninga, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Statsråden har gjort det klårt at sidemålsundervisninga er ein viktig del av norskfaget.

I fleire rundar sidan januar i 2012 har Utdanningsdirektoratet kome med framlegg om å svekkje sidemålsordninga gjennom å slå saman dei skriftlege karakterane i hovudmål og sidemål til éin karakter, og å gjere krava til meistring av sidemål lægre.

– Konsekvensen av desse framlegga ville vore statustap for sidemålet, og det er nett slike statusendringar som gjev dårlegare kompetanse i sidemål, som for dei fleste er nynorsk. Sidemålsordninga i Noreg er viktig for at nynorsken skal halde seg oppe som bruksspråk, seier Marit Aakre Tennø.

Regjeringa har no vedteke tidlegare start med sidemål, å tryggje jamstillinga gjennom like kompetansemål, sikre vurdering gjennom standpunktkarakter og eksamensordning, og å halde endringane unna ungdomssteget. Samstundes vil ein no prøve ei ny ordning med samla skriftleg karakter dei to fyrste åra på vidaregåande, medan elevane vil få tre norskkarakterar siste året på studiespesialiserande.

– Mållaget er spent på evalueringa av denne ordninga om tre år. No får lærarane eit høve til å arbeide meir intensivt med sidemålsundervisning i eit avgrensa tidsrom og minske arbeidskravet, peikar Marit Aakre Tennø på. Dette er eit unikt høve til å teste ut eit heilt nytt karakterregime som vil gje lærarane lægre arbeidsbyrde.

Det er bra at departementet og statsråden har gjort endringar som er i tråd med vedteken språkpolitikk, samstundes som dei kjem lærarane i møte på at norskfaget over tid har vorte for omfattande, meiner mållaget. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...