Heim Nyhende Gode på design

Gode på design

Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, stiller friskt i rosa skjorte og dressjakke frå Moods of Norway. Det er tydeleg at bygda er stolt av kva som vert skapt i kommunen.

– I Stryn er me gode på design og produksjon, seier Henny Staalnacke. Variasjonen og mangfaldet er stort.

Henny Staalnacke er vaksen opp i møbelproduksjonsmiljø i Stryn, og ho har drive med design og produksjon av Henny dåpskjolar sidan midten av nittitalet. Det vert travle dagar når ein innimellom skal promotera og tilretteleggja motevisningar av dei største innan design og produksjon i Stryn.

– Det er ein ganske stor variasjon og eit stort mangfald i design, understrekar Staalnacke. Ho er mor til ein av klesdesignarane, Simen Staalnacke i Moods of Norway, som nyleg har opna utsal i Hollywood i Los Angeles og Trondheim. I tillegg har dei eigne butikkar i Oslo, Bergen, Island, Tokyo og i Flø i Ulsteinvik.

Formidlar kulturhistorie
Moods of Norway designar og produserer klede for folk flest. Dei same kleda ein ser på catwalken kan ein få kjøpt i butikken i Stryn eller i Los Angeles. Dette er klede som passar både unge og eldre, alt etter smak.

– Formidling av historie og kulturhistorie gjennom design ligg i botn i designet av dåpskjolar, fortel Henny Staalnacke. Det er og eit viktig grep for uttrykket til Moods.

På Moods of Norway sine heimesider står det at ”hovudmålet for designgjengen er å laga glade klede for glade folk i heile verda, i tillegg til å gjera bestemor glad”.
I kleskolleksjonane til Moods får ein innblikk i både Stabbur og Ole Bull. I tillegg vert besteforeldre, mødre og tanter nytta som objekt på prislappar og merkelappar.

– Visste du til dømes at sprayboksen er norsk, spør Henny, og legg til at dei fyrste plagga til designteamet vart laga på hennar symaskin.

Stolt og imponert
Med sitt gjenkjennelege og leikande originale uttrykk set klesdesignarane med røter i Stryn, sitt preg på bygda. Ungdommen er særs stolte over kva gutane i klesbedrifta Moods har fått til. Hilde Drageset (20), Hilde Nordnes (20) og Kenneth Håvik (20) er samde. Dei har alle jobba i Moods-butikken i Stryn.

– Sjølv om ein kjem frå ein liten plass kan ein gjera det stort, seier Drageset.

– Eg er stolt og imponert over at designgutane, som har base i Stryn, får det så bra til både nasjonalt og internasjonalt, seier Kenneth Håvik. 

Kreativt miljø
– I Stryn er det få statlege bedrifter, fortel Henny Staalnacke. Skal ein bu på små stadar må ein skapa noko sjølv. Når fleire kreative sjeler søkjer saman, utfyller dei kvarande og spelar på kompetansen til kvarandre meir enn å konkurrera, understrekar ho.

Henny meiner ungdommen i Stryn vert inspirerte av gutane i Moods.

Moods of Norway er ikkje aleine om å produsera klede som er kjende utover kommune- og landegrensene. Medan Moods lanserte merket for fire år sidan har Riccovero, med base i Olden, røter langt tilbake i tid. Skogstad held til i same kommune.

Førre artikkelMålpris til Lomheim
Neste artikkelNynorsk er ein styrke

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...