Heim Nyhende Nynorsk er ein styrke

Nynorsk er ein styrke

 

– Har du ein dialekt – bruk han, oppmodar leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

Den nyvalde leiaren i Noregs Mållag meiner mållaget framleis spelar ei viktig rolle i samfunnet når det gjeld språkmedvit og språktryggleik.

– Språkarbeid liknar minoritetsarbeid, seier Øvregård. Viss ein ikkje jobbar aktivt med det nynorske språket, fell ofte valet på bokmål. Min jobb er å sikra at valet vert nynorsk.
Dei som tør å nytta nynorsk kommuniserer ein identitet, sjølvsikkerheit, tryggleik og styrke, held han fram. Bokmål i seg sjølv har ikkje same eigenverdi, hevdar Øvregård. Det er eit paradoks at mange vel å endra skriftform til bokmål av di dei trur dette vil betra formidlingsevna.

Bevisste val

Mållagsleiaren, som kom frå leiarstolen i Kringkastingsringen i vår, meiner det er viktig å formidla at nynorsk er ein styrke og ikkje ei ulempe.

– Nynorsk må gjerast lett tilgjengeleg for alle. Det må vera lett å bruka, understrekar han.

Haldningane til språket er viktig. Dersom ein kommune eller ei bedrift tek eit bevisst val og marknadsfører seg på nynorsk, signaliserer dei ein verdi som er med å påverka dei som jobbar og bur rundt dei.

Øvregård dreg fram Alexandra hotell i Loen i Stryn som har gjort eit bevisst val og nyttar nynorsk i all marknadsføring, inkludert nettstaden.

-Veldig mange tingar nettstad utan å reflektera over kva språk dei vil ha han på, fortel han. Her kjem ofte medvitløysa inn.

Mangfaldig målrørsle

Som høgremann og EU-tilhengar er ikkje Øvregård prototypen på ein mållagsmann.

– Målsak er å kjempa for fleirkultur og ikkje trongkultur, understrekar han. Det er diverre ei levande myte at mållaget er gamaldags, seier han. Problemet med mytar er at dei er vanskelege å endra. Mållaget har ei utfordring i å formidla det biletet som stemmer overens med mangfaldet i mållagsrørsla.

Mållagsleiaren har eit mål om alltid å vera meir positiv enn negativ. Han vil heller vera for enn i mot, og han vil heller føreslå løysingar enn å fokusera på problem.

Rasistisk konsekvens

Øvregård er oppgitt over haldninga rundt om i landet til norskopplæring for framandspråklege, og han fryktar på sikt ein rasistisk konsekvens av praksisen som vert utøvd.

– Når alle nordmenn har opplæring i både nynorsk og bokmål i grunnskulen, er det ei klar forskjellsbehandling når kommunar ikkje tilbyr vaksne framandspråklege å læra nynorsk, seier Øvregård.

Dette kan tyda på at me vurderer vaksne framandspråklege som annanrangs, og at dei ikkje er viktige nok for oss til at me lærer dei språka me nyttar i landet vårt. Han peikar i tillegg på at det er best å læra nynorsk fyrst om ein skal læra begge skriftspråka.

Fremjar integrering

Øvregård er klår på at opplæring i det språket som ligg nærast dialekten er viktig for integreringsarbeidet i kommunar.

– Dersom ein snakkar den lokale dialekten er det ingen som bryr seg om kva hudfarge ein har. Dialekt skapar tilknyting. Det vert verre å høyre til når ein må ty til standardisert bokmål. Han viser til både Vinje og Våga som er to gode døme på godt målmedvit og vellukka integrering av flyktningar.

Han legg også vekt på at dess fleire språk ein kan dess lettare er det å tileigna seg ny språkkunnskap. Dette gjeld og elevar i grunn- og vidaregåande skule.

– Å frita elevar med minoritetsbakgrunn frå sidemål er ei statssanksjonert diskriminering på bakgrunn av foreldre sitt opphavlege land.

Vidare meiner han at det må vera eit uttrykt politisk ynskje i kommunane om å kunne tilby nynorsk språkopplæring. Dette må til for å endra praksisen der størstedelen av framandspråklege berre lærer bokmål. Han viser til Ordføraroppropet som er i gong på Vestlandet som eit godt døme på det.

– Ein kan ikkje venta at innvandrarane sjølve skal ta initiativ når alle instansane før dei har ignorert retningslinjene for opplæring, seier han.

Byrjar i barnehagen

Det er mange saker som står på dagsorden for mållagsleiaren, men på landsmøtet vart det klart at språkformidlinga i barnehagen skal vera eit fokus for Noregs Mållag.

– Fyrst høyrer ein, så les ein og så skriv ein. Då er det avgjerande for borna kva som vert formidla av litteratur og språk i barnehagen, avsluttar Øvregård.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...