Heim Nyhende Godt namnevit i Østfold

Godt namnevit i Østfold

Åtte verksemder i Østfold blir heidra med diplom frå Språkrådet for å ha valt gode og kreative norske namn.

 

Kvart år deler Språkrådet ut diplom for godt namnevett til verksemder i eit fylke eller ein landsdel. I år er det Østfold som står for tur. Diplomutdelinga er eit tiltak for å motverke unødvendig bruk av engelsk i Noreg.

–  Fleire av desse bedriftsnamna har ei lokalhistorisk tilknyting, medan andre på ein artig måte seier noko om kva slags verksemd det er. Namna er gode eksempel på kreative namn og viser at norske namn hevdar seg godt i konkurranse med engelsk, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Desse verksemdene fekk diplom: Arkitektbyrået Arkitekturverket i Moss, bakeriet Brød og Vann i Halden, fotograf- og reklamebyrået Fredrikstad medieverksted i Fredrikstad, veterinærverksemda Hestekur AS på Slitu, helsesenteret Landsbylegene i Spydeberg, Siste Reis Pub i Halden, solstudioet Sola til Ola i Fredrikstad og klesbutikken Yppig AS i Sarpsborg. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...

Tale til landstinget: – Det er ikkje noko mindre enn ein skandale

Under her kan du lesa talen som statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet heldt på landstinget til LNK i Øygarden 3. juni. Det er...