Heim Innspel Kommentar: Verdas største nynorskby

Kommentar: Verdas største nynorskby

Stord er ein vekstkommune med drygt 18 000 innbyggjarar. I 1997 vedtok kommunestyret at Stord skulle vera by. Vedtaket vart grunngjeve med at kommunen meir og meir fekk ein urban karakter, og at det å kunna nemna seg by ville vera til stor hjelp for næringsdrivande i arbeidet med marknadsføring og rekruttering. Med bystatusen følgde likevel ikkje bymålet.

 

Trass i folkeauke, stor innflytting og urbane trekk har nynorsk vore einerådande som målform i Stord. Overgang til bokmål har aldri vore vurdert. Tvert om lanserte ordføraren i si tid Stord som den største nynorskbyen i verda. Dei små freistnadene som har vore på å få bokmål som alternativt undervisningsmål i skulen, har også stranda. I «mi tid» i Stord, som går attende til 2008, har spørsmålet ikkje stått på dagsorden. Me har såleis ikkje dei same utfordringane med språkdeling som nynorskkommunane i Bergensregionen; Stord er i staden byen og regionsenteret i nynorskbastionen Sunnhordland.

Når LNK-avisa kom med spørsmålet om å skriva litt om utfordringane med det å vera nynorskkommune, vart eg først i stuss om kva det kunne vera. Men her er skyer i horisonten. Nynorsk, og norsk, er under press. Engelsk vinn stadig terreng. Det merkar me sjølvsagt også her på Stord, med eit næringsliv som konkurrerer «worldwide». Det synest likevel som at stadig fleire lokale verksemder nyttar nynorsk i si marknadsføring. Ei ekstra fjør i hatten var det når snøggmatkjeda McDonalds i haust averterte opninga av sin nye Stord-filial på nynorsk. Det er visstnok første gong så er skjedd, og både mållaget og Stord kommune ved ordføraren jobba aktivt for dette.

Det er ikkje tilfeldig at nynorsk har kunna halda seg så godt på øya, både som skrift- og talemål. Lokalavisa Sunnhordland har spelt ei sentral rolle, både som nynorskbrukar og ved at avisa har tala nynorsken si sak. Det same har eit aktivt mållag. Dessutan har kommunen si faste linje i språkspørsmål og språkbruk vore viktig. Kommunestyret vedtok målbruksplan for Stord første gong i 1998. Planen formulerer språkpolitiske målsetjingar og gjev retningsliner for språkbruk. Og planen vert følgd: Då kommunestyret skulle vedta retningsliner og prinsipp for universell utforming, vart det lagt stor vekt på den språklege utforminga. Retningslinene, som opphavleg vart skrivne på bokmål av eit arkitektkontor, måtte setjast om til nynorsk, og det vart ein debatt om kva som ville vera det beste nynorske ordet for ledelinjer. Etter rådføring med språkrådet vedtok kommunestyret føringsliner som beste alternativ.  

Stord vart kåra til årets nynorskkommune i 2009. Det var ei stor oppmuntring og inspirasjon til å arbeida vidare for nynorsk som eit vitalt bruksspråk i kommunen.

Magnus Mjør, rådmann Stord kommune

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...