Heim Nyhende Sp-leiinga vert sitjande – trass kraftig kritikk

Sp-leiinga vert sitjande – trass kraftig kritikk

Sp-leiar Liv Signe Navarsete erkjenner at samarbeidet med dei to nestleiarane kunne ha vore betre. Men ho vil ikkje å trekkje seg som partileiar.

 

–  Det har ikkje vore noko krav om dette i organisasjonen. Eg er vald til 2015, sa Navarsete under ein pressekonferanse onsdag.

Ho kalla kritikken i rapporten frå evalueringsutvalet for ærleg og open.

–  Det er ein rapport av stor verdi. Vi skal gjennomføre det som rapporten oppfordrar oss til, sa Navarsete.

Ho varsla endringar i arbeidsmåten, også partileiinga, og erkjenner at samarbeidet med dei to nestleiarane Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum ikkje fungerte godt nok under valkampen.

–  Vi skal ikkje leggje skjul på at samarbeidet til tider ikkje har vore så godt som det burde, sa ho.

Tek sjølvkritikk
Navarsete seier ho og leiinga må få fart på og gjenreise «eit parti som har hatt tøffe tak». Ho understrekar at leiinga må samarbeide og kommunisere betre.

–  Klarer vi ikkje å bli betre til det, har vi ikkje klart å oppfylle det partiet ber om, seier ho.

Sp-leiaren gjekk i rette med dei i partiet som har stått for lekkasjar frå evalueringsrapporten og seier biletet som vart skapt i media på førehand, ikkje er dekkjande for innhaldet.

–  Rapporten har eit mykje breiare fokus, seier Navarsete.

Ho erkjenner at rapporten påpeikar manglar ved innsatsen hennar i valkampen, men viser til at ein liknande kritikk også blir fremja overfor resten av partileiinga og partiorganisasjonen som såleis.

På pressekonferansen kunngjorde Navarsete at ho vil sette ein stoppar for dei stadige lekkasjane i partiet.

–  Over tid har vi fått ein kultur der lekkasjar er regelen snarare enn unntaket. Det er øydeleggjande og det må vi få slutt på, seier Sp-leiaren.

–  Heile partiet lir under ein slik kultur.

–  Ingen leiarstrid
Evalueringsrapporten vart diskutert under eit sentralstyremøte i Senterpartiet på Stortinget onsdag. Både Trygve Slagsvold Vedum og Ola Borten Moe uttrykkjer full tillit til partileiaren.

Navarsete fann sjølv grunn til å understreke at det ikkje er nokon leiardebatt i partiet og at heilskapen i rapporten ikkje har gitt henne grunn til å vurdere stillinga si. På direkte spørsmål seier ho også at det er gjensidig tillit mellom henne og dei to nestleiarane.

Sjølv om Sp aldri har gjort det så dårleg ved eit val som denne hausten, påpeikar partileiaren at alt ikkje er svart.

–  Vi oppnådde ikkje det resultatet vi ønskte, men vi har også sete åtte år i regjering og oppnådd store og viktige resultat for partiet og for landet, understrekar ho og legg til at det har vore ein viss slitasje.

SV-slitasje
–  For evalueringsutvalet står stortingsvalet i 2013 fram som ein kamp med «nebb og klør» for å sikre kjerneveljaren, fastslår leiar i evalueringsutvalet Bengt Fasteraune, som sjølv sit i sentralstyret til Senterpartiet.

Ifølgje rapporten frå utvalet var regjeringsslitasjen stor i partiet. Han påpeikar også at Sosialistisk Venstreparti spesielt var ei utfordring for medlemmene til Senterpartiet.

–  Utvalet peikar i rapporten på at ein opplever at det i denne valkampen ikkje var den nødvendige tilliten mellom våre fremste tillitsvalde. Utvalet meiner det er behov for å tenkje nytt, og partiet må erkjenne at det må jobbast på andre måtar, seier Fasteraune.

–  Medlemstalet til partiet er halvert sidan 2000, og det er behov for større medlemsverving i heile organisasjonen, både for å sikre økonomien og for å auke moglegheita til aktivitet, heiter det i rapporten. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...