Heim Nyhende - Kan råke nynorskavisene

– Kan råke nynorskavisene

Også Sunnmørsposten engasjerer seg i kampen for å behalde pressestøtta slik den er i dag.

 

– Pressestøtte har vore ein føresetnad for at nynorsk som avisspråk har fått utvikle seg. Dei små lokale fådagarsavisene er nære og viktige stemmer som bidreg til å skape større mangfald, skriv Sunnmørsposten på leiarplass.

Avisa meiner Kulturdepartementet kan kome til å råke aviser som har nynorsk som si berande språkform,og dette gjeld aviser både på papir og digitalt. 

Les også:  – Ingen nynorskaviser å miste

– Vi er slett ikkje sikre på at departementet har vore klar over effekten av dette For ordens skuld gjer vi merksam på at avisa Sunnmørsposten ikkje får produksjonstilskot, men konsernet Sunnmørsposten eig fleire lokalaviser som får støtte, og som vil bli direkte råka av forslaget.

Ifølgje Mediebedriftenes Landsforening (MBL) omfattar kuttforslaget 30 aviser. I vårt område gjeld det Møre-Nytt, Vikebladet-Vestposten, Vestlandsnytt og Fjordingen, samt Fjordenes Tidende som er tospråkleg, skriv Sunnmørsposten.

Avisa slår fast at dette er veldrivne lokalaviser, men at fleire av dei har svært små driftsmarginar.

– Konsekvensen av å skulle redusere den økonomiske støtta i ei tid då heile mediebransjen står midt i ein krevjande omstillingsprosess,kan bli svært alvorleg

– Vi meiner det er særs viktig for nynorsken si stilling at lokalavisene lykkast i omstillinga frå å vere tradisjonelle papiraviser til å bli mediehus som publiserer på fleire plattformer, og då kan ikkje rammevilkåra bli vilkårleg endra.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...