Heim Nyhende Nytt, større og moderne

Nytt, større og moderne

Frå årsskiftet fekk Noreg eit nytt og større departement for modernisering og utvikling av offentleg sektor.

 

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har store ambisjonar om å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Vi skal bidra til å rydde veg i unødig regelverk, og vi skal vere spydspissen i jakta på tidstjuvar og ineffektive arbeidsmåtar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Då han gjekk inn som statsråd i Solberg-regjeringa i oktober, fekk han ansvar både for Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet.

425 tilsette
No er dei 425 medarbeidarane samla i eit departement under ein minister.Sanner ser kraftsamlinga som naturleg og naudsynt for å realisere dei ambisjonane regjeringa har om ein offentleg sektor som fungerer betre og gjev innbyggjarane raskare og betre hjelp.
Sanner minner om at to av prosjekta i regjeringsplattforma frå Sundvolden sorterer inn under KMD. Det eine er ei meir effektiv forvaltning, det andre er å sikre at vi har kommunar som er rusta for framtida.

– Vi vil jobbe systematisk for å skape ein enklare kvardag for folk flest, enten dei treng god velferd eller effektiv forvaltning. Det er også viktig å rette merksemda mot arbeidsmåtar og leiing i forvaltninga. Vi må sikre at dei dyktige medarbeidarane i stat og kommune kan bruke meir av tida til å løyse viktige arbeidsoppgåver, seier Sanner.

Vil styrke lokaldemokratiet
– Vi er i også gang med arbeidet for å styrke lokaldemokratiet. Det handlar om sterkare lokalt sjølvstyre og mindre statleg detaljstyring, om å gjennomføre ei kommunereform som vil gje innbyggjarane betre tenester i dag og i framtida. Meir robuste kommunar kan få fleire oppgåver og meir ansvar, seier statsråden.

Han går med på at arbeidsoppgåvene blir mange og store.

– Då er det viktig å setje klare krav og tydelege mål. Vi må sjå dei store samanhengane og utfordre systema viss vi skal lukkast med å gjere endringar som samfunnet merkar, seier Sanner.

Mindre byråkrati
Han minner om at regjeringa ønskjer ei samfunnsutvikling prega av meir tillit til det einskilde menneske, frivillige organisasjonar, lokalsamfunn og gründerar.

– Samfunnet skal skapast og utviklast nedanfrå – ikkje bli detaljstyrt ovanfrå. Det gjev både meir mangfald, mindre byråkrati og større gjennomføringskraft for dei store politiske prosjekta, seier statsråden.

I tillegg til å samordne moderniseringspolitikken i regjeringa, har KMD ansvaret for områder som plan- og bygningsloven, bustadpolitikk, nasjonal IKT-politikk og digitalisering, kommuneøkonomi, val, personvern, forvaltningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, statlig bygg- og eigedomspolitikk, statleg arbeidsgjevarpolitikk og same- og minoritetspolitikk. Departementet har også ansvar for ei rekke underliggjande etatar og verksemder.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...