Heim Nyhende Graveprosjekt for lokalaviser skal undersøke sentraliseringa i Noreg

Graveprosjekt for lokalaviser skal undersøke sentraliseringa i Noreg

Landslaget for Lokalaviser (LLA), NRK og Senter for undersøkande journalistikk (Sujo) går saman om eit felles prosjekt der dei skal undersøke kvifor befolkninga blir stadig meir sentralisert.

– Dette er noko av det mest spanande eg har vore med på, og det kjem til å bli viktig for alle lokalavisene våre, seier generalsekretær i LLA, Tomas Bruvik, til Medier24.

Målet med samarbeidsprosjektet, er å bruke datamateriale frå forsking på migrasjon til finne ut kvifor vi blir stadig meir sentraliserte, trass i at det i mange år har vore stor politisk vilje på tvers av ulike regjeringar, til å halde oppe befolkninga i heile landet.

Prosjektet vart presentert under LLAs digitale konferanse torsdag. NRKs prosjektredaktør for undersøkande journalistikk, Lars Kristiansen, peika på at desse tre organisasjonane passar godt til å samarbeide om dette. Han trekte fram NRKs storleik og ressursar som deira styrke, og at lokalavisene har både ein unik nærleik til og kompetanse om distrikta. Han er òg glad for at senter for undersøkande journalistikk er med.

– Det blir utruleg fint å ha dei med på dette. Dei gir eit skin av akademia over «røvarfaget» vårt, og skal coache oss gjennom arbeid med dette i kvardagen. Det har dei vore kjempegode på, både i NRK og i store og små mediebedrifter i Noreg.

Som del av prosjektet vil det bli arrangert «verkstad» for alle fasane ved ei gravesak, både i starten, i mellomfasen og like før publisering. Det vil òg bli arrangert kurs der deltakarane vil få undervisning av ekspertar i offentleg administrasjon, og der det også vil bli diskutert andre journalistiske verktøy og metodar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...