Heim Nyhende Grepstad vil ha karakter i sidemål

Grepstad vil ha karakter i sidemål

Nynorsk er eit skriftspråk og denne skriftkunna må dokumenterast gjennom vurdering, sa direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, då han heldt årstalen sin i Ørsta.

– Vurdering er eit fellesomgrep som handlar om karakterar og eksamen, presiserer Grepstad overfor Nynorsk pressekontor.

Men han vil ikkje blande seg inn i diskusjonen som har vore kring sidemål og vurdering.

– Eg vil ha ein open diskusjon kring opplæringspolitikken og tykkjer det er uheldig å konkludere med kva som er den beste eksamensforma. Det har ikkje eg føresetnader for å gjere.

Opprydding

Grepstad vil først og fremst ta grep om faget.

– Først må me rydde i norskfaget, auke timetalet og gjere norskfaget til eit norskfag att. Så må me ta følgjene av at ingen er utlærde i norskfaget i ein alder av 19 år, sa Grepstad.

Sju punkt

Han lista vidare opp sju punkt for å forme eit godt grunnlag for opplæring i skriftleg nynorsk og bokmål.

Grepstad vil at kvar elev skal få moglegheit til å bli best mogleg i sitt eige hovudmål. Bokmålselevar kan gjerne få meir opplæring i å lese nynorsk enn nynorskelevane får i å lese bokmål. Han vil også at kvar elev får meir skriftleg opplæring i både hovud- og sidemål i både ungdomsskule og vidaregåande. I tillegg meiner han at bokmålselevar bør få meir opplæring i skriftleg nynorsk, og nynorsk elevar mindre opplæring i skriftleg bokmål.

I lista fokuserer han også på at innvandrarar får høve til fullgod integrering gjennom tilpassa opplæring i nynorsk og bokmål. Han meiner også at høgskular og universitet bør innføre eit kort språk- og kulturhistorisk kurs om nynorsk og bokmål for alle studentar og som lærarstudentar pliktar å følgje. I punkt sju avsluttar han med å peika på behovet for etterutdanning i nynorsk.

Ottar Grepstad vil ha ei stoltheit inn i opplæringspolitikken.

– Den stoltheita skapar me gjennom forståing for fleirtalet, respekt for mindretalet og vilkårslaus styrking av skriftleg opplæring.

Ambisjonar

Grepstad er tydeleg på at nynorskbrukarane også må tåle diskusjonar om skriftspråket om nynorsken skal bli eit samfunnsberande språk.

– Kva som er dei beste utvegane for å få det til, må kunne diskuterast. Då kan ikkje nynorskbrukarane halde fram med å tru at all kritikk av nynorskopplæringa er kamuflert motstand mot nynorsk. Det føreset at kritikarane viser evne til å argumentere prinsipielt og truverdig for verdien av den språkdelte norske kulturen, sa Grepstad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...