Heim Nyhende Får refs for bokmålsskilt

Får refs for bokmålsskilt

Bokmålsskilt langs vegane i nynorskkommunar har vekt irritasjon. No får Statens vegvesen refs av Språkrådet.

Språkrådet er blitt gjort merksame på at Vegvesenet bruker bokmålsskilt i fleire nynorskkommunar på Vestlandet. I tillegg blir bokmål brukt i fleire kunngjeringar i Bergens Tidende, melder ABC Nyheter. Rådet har no teke affære og ber i eit skriv Statens vegvesen syte for å følgje mållova. Statens vegvesen region vest har nynorsk som tenestemål då nynorsk er fleirtalsforma i fylka som regionen dekkjer. Direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet bed Statens vegvesen om å leggje fram en tiltaksplan for bruk av nynorsk, samt å erstatte bokmålsskilta med skilt i rett målform.

– Me ventar at de no sørgjer for at lovverket blir etterlevt i organisasjonen, skriv språkdirektøren i brevet.

Statens vegvesen seier til ABC Nyheter at det er mangel på kunnskap og opplæring som er årsaka til dei språklege gleppa, men at det no skal setjast i verk opplæringstiltak. Skilta vil også bli erstatta, ifølgje seksjonsleiar Øyvind Haaland ved Statens vegvesen.

– Vi klarer ikkje å bytte ut alle med ein gong og må passe på at vi erstattar skilta samstundes som vi utfører andre tiltak på strekningane. Men i prinsippet er det ikkje akseptabelt at vi har skilt i region vest som er på feil målføre, seier Haaland.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...