Heim Nyhende Gunnar Skirbekk er Årets nynorskbrukar

Gunnar Skirbekk er Årets nynorskbrukar

Filosofen og samfunnsdebattanten Gunnar Skirbekk (75) er kåra til Årets nynorskbrukar 2013.

Skribekk får prisen for arbeidet med å fornye tenkinga om ein gyldig og framtidsretta opplæringspolitikk for nynorsk, og for slitesterk evne til å halde oppe nynorsk som eit smidig språk for tenking, heiter det i grunngjevinga frå styret i Nynorsk kultursentrum, og direktør Ottar Grepstad seier det å gje prisen til Gunnar Skirbekk er ein språkpolitisk kritikk av den nye læreplanen i norsk. 

– Gunnar Skirbekk har stilt dei gode spørsmåla og argumentert tungt for kva slags skule Noreg treng og kva slags norskfag skulen treng, meiner Grepstad.

Prisvinnaren sjølv seier nynorsk er viktig for alle som bur her i landet, for å skjøne kva landet går ut på både språkleg og kulturelt.

– For hundre år sidan meinte mektige professorar i Christiania at det nye norske språket aldri kunne nyttast til vitskap og filosofisk tenking. I dag veit vi betre. Det er ein ekstra grunn til å feire Ivar Aasen og Språkåret no i 2013, seier ein glad prisvinnar. 

Det er 14. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.  Prisen på 100 000 kroner skal delast ut under opninga av Dei nynorske festspela 27. juni. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...